Hopp til innhold

Nok ein søknadsrekord for sjukepleiestudiet

421 søknader til 25 plassar. Søknadsmengda til januaropptaket ved sjukepleiarhøgskulen er rekordstor.

Randi Skår og Ludvig Fløtra

NØGDE: Dekan Randi Skår og student Ludvig Fløtra ved sjukepleieutdanninga til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

421 studentar har søkt om plass på sjukepleiestudiet til Høgskulen i Sogn og Fjordane, Sjukepleiarhøgskulen i Førde. Plassane skulen har til rådvelde no er 25.

– Eg kan berre seie at dette er fantastiske tal - igjen. Vi har hatt ein auke i søknadene dei siste fire-fem åra. I fjor hadde vi 229 søkarar til januaropptaket, så vi har auka med 200 søkarar på eitt år, seier dekan for helsefag, Randi Skår.

Januaropptak

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av få som har opptak for sjukepleiarstudentar i januar. Skår trur dette kan vere ein av årsakane.

– Vi er veldig nøgde og vil gjerne ta opp fleire enn totalt 80 studentar i august og 50 i januar. Men dette er kva vi har praksisplassar til, seier Skår.

– Er trygg arbeidssituasjon framover også ein av årsakene til høg søknadsmengde?

– Ja, men det er også fordi sjukepleiaryrket har fått status som ei akademisk utdanning med gode høve for vidareutdanning til master og phd-utdanning. Eg møter tilsette i helsevesenet som eg utdanna for 20 år sidan. Det er kjekt å sjå at dei er stabile i yrket, seier Skår.

Inngangskilt Sjukepleiarhøgskulen Sogn og Fjordane

STUDERE: Det er mange som vil studere sjukepleie i Førde.

Foto: Stein Jarle Aase / NRK

Gode jobbutsikter

Ludvig Fløtra starta sjukepleieutdanninga si i august. For han var stødige jobbutsikter ein av årsakene til at han valde å studere sjukepleie.

– Eg veit ikkje kvar eg endar opp, men eg veit at eg likar å jobbe med menneske. Og då vart det sjukepleie for meg, seier Fløtra.

Han valde feil utdanning først. Så då han valde på nytt og det vart sjukepleie sveiv det mange tankar i hovudet.

– Då eg fekk bestemt meg, vart eg meir og meir sikker på at eg landa på noko eg ville bli nøgd med.

– Kva tenkjer du om arbeidsmarknaden frametter?

– Ting vil forandre seg. Men det ser lyst ut. Arbeidsmarknaden er svolten på kompetente hender.

Lokale søkarar

Han er sjølv frå Austlandet, men trur mange av søkarane til studiet i Førde er folk som soknar til fylket.

– Det som er kult med sjukepleiaryrket, er at du seinare kan velje å vidareutdanne deg til veldig mange andre ting, og jobbe med mange ulike tema, seier Fløtra.