NRK Meny
Normal

- Klokaste laget vil vinne, trur assistenttrenar

Sogndal møttte søndag Sandnes Ulf i det som kan skildrast som ein skjebnekamp for begge lag.

Sogndal-jubel

JUBEL: Då laga møttest i vårsesongen var det Sogndal som kunne juble over mål og tre poeng mot Sandnes Ulf. Kven stikk av med sigeren i søndagens skjebnekamp?

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Alle veit dette er ein særs viktig kamp, for oss og motstandarane. Vi må vere budde på at det kan smelle litt, sa Tom Mangersnes, assistenttrenar i Sogndal, før kampen

Sandnes Ulf låg på sisteplass på tabellen, medan Sogndal var to hakk føre med seks poeng meir. Mellom dei ligg Brann, med sine 23 poeng, eitt poeng mindre enn Sogndal. Men etter tapet blir det endå jamnare i botnen av tabellen.

Laster innhold, vennligst vent..

Assistenttrenaren avviser blankt at det er vinn eller forsvinn for Sogndal etter dagens kamp.

– Nei, med dagens kamp er det fire kampar igjen, og tolv poeng i spel. Men, det er klart det ligg mykje i potten i dag. Og det er mogleg å ta eit steg nærare eliteseriespel neste år om ein kjem ut av kampen med godt resultat, innrømmer Mangersnes.

Eit skjerpa lag klar til dyst

Laget har lagt ein slagkamp før dagens kamp, men Mangersnes er tilbakehalden med å røpe innhaldet.

Tom Mangersnes

VIKTIG: Dagens kamp er særs viktig for Sogndal, men ikkje avgjerande for om det blir eliteseriespel for laget neste år, meiner assistenttrenar Tom Mangersnes.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Innsats, duellspel og vilje må ligge i botnen for begge lag. Det er det laget som klarer å halde hovudet kaldt i dei tøffe periodane som vil vinne, trur han.

Sogndal hadde ein god vårsesong, og låg godt an før sommarferien, men har slite med å finne tilbake til formtoppen i haustsesongen.

– No er vi tilbake på utgangspunktet, der det er oss mot alle. Ingen forventar at vi skal vere med i Eliteserien, og Sandnes Ulf har av fleire vore døde og gravlagde sidan i sommar. Eg trur begge laga i dag grip sjansen, seier Mangersnes.

Kampen blir sparka i gang klokka 18.00, og Sogndal har før den tid brukt tida til trening og avslapping.

– Spelarane er ikkje nervøse. Det var veldig god stemning på treningsfeltet i dag tidleg, så dei er avslappa, men fokuserte. Det er ein god inngang, avsluttar Mangersnes.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.