Hopp til innhold

Nok ein intern krangel kan ha gjort stor skade på partiet, trur kommentator

Denne veka har ein ny intern partikrangel dukka opp i Senterpartiet. Sp-veteran Steinar Næss har terga på seg fleire partifolk i Trøndelag. – Den krangelen tener ingen på, seier kommentator.

Liv Signe Navarsete, Ola Borten Moe og Trygve Slagsvold Vedum
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Denne krangelen er full av lause og tvilsame påstandar frå begge sider. Det er vanskeleg å skjønne, og kva som eigentleg skjer i Senterpartiet kan ein sanneleg lure på. Det er i alle fall ikkje vakkert, seier kommentator i Nationen, Erling Asvind Kjekstad.

Tidlegare i veka gjekk partiveteran Steinar Ness, frå Gaular, til åtak på enkeltpersonar i Nord-Trøndelag Senterparti. I eit brev skulda Ness mellom anna Ivar Vigdenes i Trøndelag for å ha ei sentral rolle i det han kallar eit "intrigemakeri" kring Sp-leiar Liv Signe Navarsete. Til Aftenposten sa Ness at Vigdenes har hatt eit klart ynskje om å svekkje Navarsete. Vigdenes sjølv ville ikkje kommentere brevet.

Meiner partifolk ikkje kjenner seg igjen i det som skjer

– Denne kranglinga er ikkje god å bli klok på. Folk eg har snakka med i partiet kjenner seg ikkje igjen, og himlar med auga over det som skjer, seier Kjekstad.

Han understrekar at responsen kjem frå fleire kantar, også dei som gjerne vil ha nokon andre enn ein trønder i førarsetet framover.

Berre ein månad før det ekstraordinære landsmøtet er det framleis uklart kven som er kandidatar til dei ulike leiarrollene i partiet, etter at Liv Signe Navarsete i januar kom med meldinga om at ho ville gje stafettpinnen vidare.

Den avgjersla kom etter ein lang periode med uro i partiet, der både hennar leiarstil, konfliktar mellom ho og nestleiar Ola Borten Moe og lekkasjar frå interne rapportar etter eit valnederlag har prega nyheitsbiletet heller enn politiske saker.

Går glipp at viktige politiske sjansar

– No har partiet alle mulegheiter til å markere seg politisk. Regjeringa utfordrar Senterpartiet på den eine saka etter den andre. Jordbruksoppgjer, landbrukspolitikk og kommunesamanslåing er alle Sp-saker, også har dei vikla seg inn i dett. Det er ganske så trist sett frå deira side, seier den politiske kommentatoren.

Han trur det samla sett er destruktivt for partiet.

– For deira del får vi håpe at når jordbruksoppgjeret kjem, så har ein gløymt alt dette.

Er det mogleg?

– Det er mogleg, men ikkje sikkert. Det skal godt gjerast at såra etter det som blir sagt no gror.