Hopp til innhold

Nok ein gong er ho utan summetone - no vurderer ho å politimelde Telenor

Størstedelen av ytre Stadlandet har vore utan mobildekning sidan måndag morgon. No vurderer Marita Aarvik å politimelde Telenor.

Marita Aarvik og mast på Stadtlandet

LEI: Marita Aarvik er grundig lei av å vere utan mobildekning i hytt og pine.

Foto: Privat. NRK: Montasje

– No er vi nok ein gong i den situasjonen at vi korkje har mobildekning eller internett via mobilnettet. Eg vil tru mellom 100 og 150 menneske er ramma av utfallet no, seier Aarvik.

Over nyttår vurderer ho å politimelde telegiganten fordi dei stadig opplever å vere utan mobilnett.

– Vi betalar full pris for ei vare som vi ikkje får. Vi kan ikkje finne oss i det. Det handlar ikkje berre om økonomi, men om tryggleik, seier Aarvik.

Mange har ikkje lenger fasttelefon

Ho jobbar sjølv ved legevakta i Selje og er uroa for tryggleiken til folk i området.

– Folk som skal etter vegane og helsepersonell har store problem. Det same gjeld dei som berre har mobiltelefon og som treng kontakt med naudetatane, seier Aarvik.

Ho peikar på at stadig fleire har kutta ut fasttelefonen, og at dei difor er ekstra sårbare når nettet er så ustabilt.

– Dette har vorte eit langvarig og stadig tilbakevendande problem. Vi hadde fleire veker utan dekning i sommar, og i haust har det vore stykkevis og delt heile vegen. Det dett ut med ein gong det er snakk om dårleg vêr, seier Aarvik.

Meiner det er uakseptabelt

Når ho kontaktar Telenor, får ho til svar at problema skal verte fiksa.

– I går fekk eg beskjed om at dei hadde folk på saka. Men i dag fekk eg beskjed om at det tidlegast kan fiksast 2. januar, seier Aarvik.

Ho har gitt tydeleg beskjed om at det ikkje er akseptabelt.

– Det held ikkje at vi skal gå utan nett så lenge. Men då får eg berre til svar at slik er det. Det verkar som om vi berre må godta det sidan vi har busett oss på ein slik plass, seier Aarvik.

Ho har allereie sondert terrenget om det er fleire som vil vere med på å politimelde Telenor.

– Det er mange som er frustrerte, og vi må berre ta tak i det på ein eller annan måte, seier Aarvik.

Bles for mykje til å kunne klatre i master

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, seier dei veit kva som er problemet med mobilnettet på Stad.

– Vi har ein basestasjon på Kjerringa som er ute på grunn av ein radiolinjefeil. Det skapar problem for oss, seier Amundsen.

Telenor hadde folk på staden i går for å prøve å utbetre feilen, men dette let seg ikkje gjere.

– Problemet er at det bles så mykje, så det er problem både å komme seg dit med bandvogn, og å klatre i masta. Så fort vêret betrar seg, skal vi få orden på feilen, seier Amundsen.

Men vêrmeldingane ser ikkje lovande ut for dei næraste dagane.

– Det ser iallfall ikkje lyst ut i morgon. I og med at dette er ein radiolinjefeil må vi klatre i masta, og då er det ein del tryggleiksreglar som vi må følgje. Det er umogleg å seie om dette tek to dagar eller to veker, seier Amundsen.

Vil sjå på sambandet over nyttår

At Årevik vurderer å politimelde Telenor, har Amundsen få kommentarar til.

– Eg vil rå henne til å ta kontakt med Fylkesmannen og beredskapssjefen, så kan vi saman sjå på om det er ting som kan gjerast med dette. Det å endre sambandet her på ein annan måte enn radiolinje, er ikkje enkelt på ei så høgtliggjande stasjon, seier Amundsen.

– Men det verkar som om det er eit tilbakevendande problem i dette området. Vurderer Telenor å gjere noko for å gjere sambandet meir stabilt?

– Eg er samd i at det har vore fleire utfall her. Eg skal love at vi skal sjå på dette så snart vi er på jobb att over nyttår, seier Amundsen.