Hopp til innhold

Nok ein Fjord1-direktør går av

Stian Hårklau vedgår at bråket rundt Fjord1 er ein del av ei totalvurdering som gjer at han no har slutta som driftsdirektør i selskapet.

Stian Hårklau Fjord1

SLUTTAR: Stian Hårklau hadde sin siste arbeidsdag som driftsdirektør i Fjord1 fredag. Han har ingen planar for kva han skal gjere vidare.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hårklau har vore driftsdirektør i selskapet sidan 2012. Fredag hadde han sin siste arbeidsdag i ferjeselskapet. Dermed går han inn i rekkja av fleire som forlèt selskapet.

– Det har skjedd mykje i Fjord1 den siste tida og det er summen av fleire ting som gjer at eg vel å gi meg som driftsdirektør i selskapet. Det er vanskeleg å peike på enkelthendingar, men det er klart at når så store omveltingar skjer i eit selskap på kort tid, så blir det ofte effektar i kjølvatnet av det, seier han.

– Ein krevjande prosess

Nyleg trekte administrerande direktør Dagfinn Neteland og styreleiar Reidar Sandal seg frå stillingane sine i protest mot Fylkeskommunen sitt sal av Fjord1 til Torghatten. I tillegg valde fleire styremedlemmer å trekkje seg. No forlèt også driftsdirektøren skuta.

Likevel hevdar han at han ikkje går av i protest mot salet av Fjord1, slik toppsjefane sterkt har flagga i sine avskjedar.

– Eg meiner ikkje noko om at Fjord1 er seld til Torghatten, men det har vore spesielle tider i Fjord1 den siste tida og det har vore ein krevjande prosess. Men det er ikkje salsprosessen og det at selskapet er seld til Torghatten som gjer at eg no vel å gi meg i Fjord1.

Støy og negativ merksemd

Hårklau vil ikkje seie at det er salsprosessen som har ført til uroa, og seier at det har vore hans jobb som driftsdirektør å drifte selskapet på best mogleg måte uavhengig av eigaren av selskapet, og at ein eigardiskusjon er noko som kan opplevast i eit kvart selskap.

– Men det er klart at den støyen og den negative merksemda selskapet har vore gjennom den siste tida, er med på å gjere det spesielt for oss som jobbar der og som skal ha fokus på å drifte det mest mogleg effektivt. Det er heilt openbert, seier Hårklau.

No planlegg den avgåtte driftsdirektøren å ta ein lang juleferie, for kva som skjer etterpå veit han ikkje. Han innser at det verkar mistenkeleg at han plutseleg sluttar, midt i striden om Fjord1-salet, utan å ha nytt arbeid å gå til.

– Eg forstår at det blir drege koplingar, men dette er ikkje avgjerande for mitt val. Eg har ingen konkrete planar for tida vidare, så vi får sjå kva 2016 bringar, seier han.