Hopp til innhold

Nøgde skisenter i Sogn

Mildvêret denne jula har ikkje vore så øydeleggande for skisentera i Sogn som det kunne ha vore. Sogn Avis skriv at 600 menneske var innom Sogn Skisenter på Heggmyrane i Hafslo 2. juledag, medan det same dag var kring 400 gjestar i Hodlekve i Sogndalsdalen. Ved Tyin-Filefjell er dei omtrent på same nivå som rekordåret i fjor, skriv avisa.