Hopp til innhold

Nøgde med regjeringa

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er nøgde med regjeringa trass usemje om finansiering av krisesentra.

Utsatt for vold

Lokale Ap-politikarar støttar regeringa trass usemje om finansiering av krisesentra.

Foto: Colourbox.no

Fylkesårsmøtet i Arbeidarpartiet vedtok ein resolusjon der dei ville ha same finansiering av krisesentra som i dag.

I dag inneber det at kommunane betaler 20 prosent og staten resten.

Nøgde

Men det har regjeringa ikkje teke omsyn til. Dei legg opp til at alle kostnader til krisesentra skal dekkjast av kommunane.

Nils P. Støyva

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Ap, Nils P. Støyva

Foto: Vegar Erstad / NRK

Likevel vil verken stortingsrepresentant for Ap, Ingrid Heggø eller fylkesleiar i Ap, Nils P. Støyva kritisere eiga regjering.

- Det viktigaste no er at regjeringa har lovfesta at kommunane skal ha denne tenesta, seier Støyva.

Og Heggø er einig.

- Eg er først og fremst veldig nøgd med at krisesenter no vert lovpålagt, seier ho.

Ifølgje Heggø gjekk diskusjonen om krisesenteret først og fremst på ønskje om at det skulle vere lovpålagt.

Ingrid Heggø

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap).

Foto: NRK

- Det viktigaste var at alle etter lova skulle ha på krav på hjelp, forklarer Heggø.

Fylkesleiar Nils P. Støyva registrerer kva regjeringa har kome fram til, men poengterer at han er svært godt nøgd.

- Må ha tru på at pengane kjem

- Eg er klar over den vanskelege økonomiske situasjonen til kommunane. Men når regjeringa og stortinget seier dei vil auke rammene til kommunane så må vi ha tru på at det kjem så mykje pengar at kommunane greier dette, seier Støyva.

Fylkesleiaren viser også til at krisesenter no vert lovpålagt og at kommunane då har plikt til å følgje opp vedtaket.

- Dårlegare ordning

Bjørn Lødemel

Høgre-ordførar Bjørn Lødemel.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Høgre-ordførar Bjørn Lødemel derimot er ikkje sikker på om dei to Arbeidarparti-politikarane har forstått bodskapen frå regjeringa.

- Eg er ikkje heilt sikker på om dei veit kva dei jublar for, seier Lødemel.

Han meiner den nye ordninga med at kommunane skal dekkje alt er ei dårleg ordning.

- Det er heilt klart ei dårlegare og meir usikker ordning. Vi veit at når ting vert lagt inn i rammene så forsvinn dei. Om kommunane no skal ta hundre prosent av finansieringa, så er dette mykje meir usikkert, forklarar Lødemel.