Hopp til innhold

Nøgd, trass i bitter bom

Johannes Thingnes Bø gjekk som ei kule, og var så nær, så nær på å triumfere på skiskytarsprinten. Men siste skot sette ein effektiv stoppar for det.

Thingnes Bø

GOD KJENSLE: Johannes Thingnes Bø følte formen var bra under sprinten.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg følte meg bra, og eg hadde håpt at eg hadde vore tettare på, seier Bø etter løpet i Holmenkollen.

Etter ni treff var mange sikre på at Bø ville liggje godt an til å ta sigeren på sprinten, men siste skot ville rett og slett ikkje inn.

Trass i iherdig innsats i langrennssporet, hadde ikkje 21-åringen sjans på pallen. Likevel var han godt nøgd med løpet, sjølv om han til slutt måtte ta til takke med ein 8. plass.

Var ein opptur, samanlikna med førre løp

– Det smakte godt med ei god gjennomføring i dag, seier Bø, som ikkje var fullt så nøgd ettert 6. plassen på normaldistansen tidlegare i veka.

– I dag hadde eg ei god kjensle i kroppen under heile løpet, og det var ein opptur samanlikna med førre løp, seier Bø.

Arnd Peiffer frå Tyskland vann, framfor franske Martin Fourcade på andreplass og Anton Shipulin frå Russland på tredjeplass.

Lars Helge Birkeland vart beste nordmann på ein 5. plass. Korkje Emil Hegle Svendsen, Tarjei Bø eller Ole Einar Bjørndalen deltok på sprinten i Holmenkollen.