Nøgd med løysing i «Voucher-saka»

– At ein har fått på plass ei løysing med Fjord1 for denne sommaren er svært viktig, både for denne sesongen og kommande sesongar. Det seier fagsjef i Virke, Robert Hval Straumann.

Nøgd med løysing i «Voucher-saka».

LØYSING: Fjord1 og reislivnæringa samde om løysinga for verdikupongar eller såkalla «voucher-betaling».

Foto: Montasje: Aurland og Lærdal Reiselivslag/privat

– Konsekvensen dersom vi ikkje hadde fått til ei løysing, hadde nok blitt mykje kaos og vanskar på ferjene, seier Hval Straumann.

Fjord1 bestemde seg for å ikkje akseptere voucher, såkalla betalingskupongar, som betalingsløysing på ferjene frå januar i år. Det førte til kraftige reaksjonar frå turoperatørar, og fleire har åtvara mot kaos på ferjekaiane i sommar.

Individuelle betalingsløysingar

No opnar Fjord1 for individuelle betalingsløysingar på ferjene. Det stadfestar driftssjef i Fjord1, Stian Hårklau.

Stian Hårklau Fjord1

SKAL VERE SMIDIGE: Stian Hårklau er driftssjef i Fjord1.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har sagt til reiselivsnæringa at vi skal gjere individuelle vurderingar av dei ulike kundar der det er spesielle årsaker til at dei ikkje kan nytte vårt storbrukarkort, eller andre betalingsløysingar.

Hårklau understrekar at Fjord1 ikkje har snudd i saka, men at dei vil vere smidige i ein overgangsfase.

– Det som har vore viktig for oss er at det er vi som skal ha førehandsgodkjenninga når det skal innvilgast kreditt, seier Hårklau.

Vil finne ny løysing

Også VIRKE understrekar i dag at heller ikkje dei ynskjer ei «Voucher-ordning» i framtida.

– Vi kjem til å sette oss ned saman med fylkeskommunen, Fjord1 og andre aktørar for å finne ei god løysing for framtida, Hval Straumann.

Også i Fjord1 er dei nøgde med løysinga ein no har kome fram til.

– Dette kan vi og reiselivsnæringa leve godt med for 2015-sesongen, og så skal vi jobbe godt framfor 2016-sesongen og komande år for å finne meir framtidsretta løysingar, seier Hårklau.