Hopp til innhold

Nøgd med eitt poeng etter mållaus kamp

Ein uvant formasjon fungerte ikkje optimalt på bortebane, men trenar Eirik Bakke er nøgd med at Sarpsborg 08 ikkje klarte å score i søndagens kamp.

Rune Bolseth hadde ein av målsjansane under søndagens kamp.

SJANSE: heimelaget hadde flest sjansar under kampen, men Rune Bolseth stod for ein av Sogndal sine. Trass i fleire sjansar for begge lag måtte begge gå mållause av bana.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er ok å få med seg poeng, det var det vi ville. Stopparane var solide og Mathias Dyngeland var også god i mål, men vi fekk ikkje til det presset vi hadde ønska, seier trenar Eirik Bakke.

Han og spelarane sit i bussen på veg vestover mot Sogndal etter at dei gjekk av bana med eitt poeng, men utan mål mot Sarpsborg 08. Heimelaget hadde flest sjansar og var klart best etter pause. Sarpsborg hadde også fleire store sjansar mot slutten av kampen, men Sogndal forsvarte seg godt.

Eirik Bakke under kampen mot Sarpsborg 08.

NØGD: Trenar Eirik Bakke seier seg nøgd med å ta eitt poeng etter slitekampen mot Sarpsborg 08.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Lukkast i forsvar

– Dei hadde spelet meir enn det vi ønska, og vi skal vere godt nøgde med å halde nullen. Samstundes kunne vi godt fått med oss tre poeng om vi hadde vore heldige, seier trenaren.

Sogndal gjekk på bana i ein 3-5-2-formasjon, ei noko uvant oppstilling for laget i dag. Bakke er nøgd med måten laget løyste kampen på, men meiner dei hadde meir å gå på offensivt. Laget ligg no på 8.-plass på tabellen med fire poeng etter tre spelte kampar. Fredag ventar ny kamp mot Haugesund på heimebane.

– Det var godt å få ein kamp i beina, etter ein litt lenger pause. Vi var ikkje så skarpe som sist kamp. No skal vi riste av oss dagens kamp, og så er vi klare til å ta ein skalp på heimebane, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..