NRK Meny
Normal

Nøgd med avtalen

Ikkje alle slaktar avtalen om Lutelandet og Florø.

Fjordbase på Botnaneset i Florø.
Foto: unknown / NRK

Basesjefen i Florø er nemleg nøgd med sentrale delar av avtalen mellom fylkeskommunen og StatoilHydro.

Les også: Krev ny oljeavtale

Les også: Ramsalt kritikk av fylkesordføraren

Gledar oss

- Vi har ingen grunn til å sei at ikkje desse delane er viktige for oss, og vi har evnen til å glede oss over det, seier dagleg leiar Agnar Strømsnes.

Fleire sentrale politikarar har i sterke ordlag kritisert avtalen fordi den er for dårleg for oljemiljøet i Florø. Også fleire politikarar i kystbyen har vore lite tilfreds med avtalen.

Det forklarar Agnar Strømsnes ved Fjordbase på denne måten.

Flygingar til Gjøa

- Det trur eg går på ein del andre forhold, blant anna den politiske prosessen. Så er det ein del element som ikkje er avklart, og det er klart at helikoptertrafikk og flyging til Gjøa er jo ei utfordring. For avtalen slik den ligg no er begrensa til eitt helikopter, som er veldig godt utnytta allereie. Korleis ein då skal få inn Gjøa og Vega i ein driftsfase er det ikkje så veldig mange som forstår, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.