Hopp til innhold

Den fjerde Flo-en på A-landslaget er usikker på om han får fornya tillit

Per Egil Flo (25) fekk i går sin debutkamp på det norske A-landslaget. Stryningen er nøgd med dei 58 minutta han fekk i 0-0-kampen mot Emiratene.

Norske fotballandslaget

I DET GODE SELSKAP: Per Egil Flo lengst til høgre i bakre rekkje fekk debuten på A-landslaget i Stavanger.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det var veldig artig, det er noko alle fotballspelarar har lyst til å oppleve, så det var veldig kjekt.

Per Egil Flo vart dermed den fjerde stryningen med etternamnet Flo som fekk spele på A-landslaget. Han vart også teken ut i troppen mot Russland og Frankrike i mai, men då melde han forfall på grunn av skade.

– OK debut

Men mot Emiratene klaffa det, og Per-Mathias Høgmo gav Flo tillit frå start på Viking stadion.

– Eg synest eg hadde ei grei gjennomføring. Det var mykje fram og tilbake i første omgang med bra med rom til begge lag. I andre omgang vart vi pressa litt meir bakover. Men alt i alt synest eg det var ein OK debut, seier han om eigen innsats mot Emiratene.

Flo fortel at det var planlagt på førehand at han skulle bytast ut tidleg i andre omgang.

– Det har med totalbelastninga den siste tida å gjere og nokre småproblem med kroppen, og så var det andre som og skulle få prøve seg.

Spelaren som kom inn på venstrebackplassen då Flo gjekk ut var Thomas Grøgaard frå Odd.

– Veldig glad om eg kjem med

Per Egil Flo er ikkje med i den førebelse troppen som er teken ut til EM-kvalifiseringskampen mot Italia 9. september. Troppen skal kompletterast med fleire spelarar, men Flo veit ikkje om han blir mellom dei.

– Det har eg ikkje noka formeining om, men eg blir iallfall veldig glad dersom eg blir teken ut. Eg får berre sjå kva Per Mathias Høgmo bestemmer seg for.

Moldes Per-Egil Flo

BETRE OFFENSIVT: Vel ein sesong i Molde-trøya har gjort Per egil Flo til ein meir offensiv spelar, og no har han fått A-landslagsdebuten.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Per Egil Flo meiner han har utvikla seg vidare som fotballspelar sidan han gjekk frå Sogndal til Molde i fjor. Han var med på å bli cupmeister i den første sesongen for Molde, og i år ligg dei godt an til å ta seriegullet.

– Eg er veldig nøgd med den overgangen. Eg var i mitt åttande år i Sogndal, så det var på tide å få nye utfordringar og ein ny kvardag, så det har berre vore positivt.

– Mykje artigare i Molde

I Sogndal vart det mest dei defensive kvalitetane det var bruk for. I Molde har Flo fått vere meir med i angrep, og det trivst han med.

– Eg må bruke nye ferdigheiter, Molde er eit meir ballbesittande lag, og det er ikkje så mykje fokus på defensiv jobbing. Det er mykje artigare enn å kjempe med ryggen mot veggen heile tida.

Den tidlegare lagkompisen i Sogndal og Molde, Even Hovland, har teke steget til proffspel i tyske Nürnberg. Tanken om å gjere det same er ikkje framand for Per Egil Flo.

– Eg har som mål og draum om å få prøve meg i utlandet, men akkurat no er det tilveret i Molde eg tenker på. Men det kjem an på kva sjansar som dukkar opp.

Ulrik og Per-Egil Flo i duell

FLO MOT FLO: Per Egil i duell med Ulrik Flo då Molde møtte Sogndal i fjor.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix