Hopp til innhold

Nøgd etter sjukehusmøte

Ein delegasjon av Ap-ordførarar møtte måndag partisekretæren for å be om fortgang i sjukehusavgjerda i fylket. Ordførar Arve Helle i Fjaler er nøgd med møtet.

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune.

NØGD: Fjaler-ordførar Arve Helle seier Ap-delegasjonen frå fylket fekk signal om at det vil bli tatt ei avgjerd om sjukehusa innan påske.

Foto: Privat

- Vi er god nøgde. Vi følte vi fekk framført bodskapen vår og vart lytta til på ein skikkeleg måte, seier Helle til NRK.no.

Vil ha balanse

Saman med ordførarane i Høyanger, Sogndal og Vik var Fjaler-ordføraren måndag i Oslo for å møte partisekretær Raymond Johansen i Arbeidarpartiet.

Ordførarane bad om at partiet sentralt må få fortgang i arbeidet med å ta ei endeleg avgjerd kring framtida til sjukehusa i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ordførarar krev sjukehusavgjerd

NØGDE: Ap-delegasjonen frå fylket som i dag møtte partisekretæren i Oslo. Frå venstre, Jarle Aarvoll (Sogndal), Marta Finden Halsen (Vik), Arve Helle (Fjaler) og Kjartan Longva (Høyanger).

Foto: NRK

Helle viser mellom anna til at fylket er inne i ei unntakstilstand så lenge det er uklart kva som skjer.

- Det er viktig for oss å gjere partiet merksam på at det hastar med ei avgjerd. I tillegg meiner vi det er viktig at det er balanse i det bodskapen som kjem frå fylket, forklarar Helle.

Han viser då mellom anna til at det ved fleire høve har vore aksjonar til fordel for lokalsjukehusa.

- Det er viktig at synspunkta frå fylket vert nyansert. Den delegasjonen som i dag har vore i Oslo representerer tross alt ein stor del av befolkninga. Mange av kommunane i fylket har bedt om at vi får behalde eit sterkt sentralsjukehus i Førde, seier Helle.

Trur på avgjerd før påske

Han meiner møte i så måte var både nyttig og bra. Sjølv om delegasjonen av Ap-ordførarar ikkje fekk med seg handfaste signal tilbake trur Helle at ting no nærmar seg med tanke på ei avgjerd.

- Vi fekk ei sterk kjensle av det nærma seg ei avgjerd om sjukehusa i fylket. Det ligg ikkje spesielt langt fram i tid, og det vil overraske meg stort om vi ikkje får ei avgjerd i god tid før påske, seier Helle.