Hopp til innhold

Hilmar Eliasson fekk fyken frå kommunalt selskap etter å ha støtta Jacob Nødseth

Det vil ikkje stilne rundt Jacob Nødseth i Flora-politikken. Onsdag fekk Hilmar Eliasson sparken i eit kommunalt selskap der Vidar Grønnevik er styreformann, etter at førstnemnde støtta Nødseth i bystyret på tysdag.

Frank Willy Djuvik, Hilmar Eliasson og Jacob Nødseth

STØTTA NØDSETH – VART KASTA: Hilmar Eliasson (i midten) støtta Jacob Nødseth (til høgre) i den betente striden om Nødseth sine handlingar som leiar i Helse- og sosialutvalet, i bystyret tysdag. Til venstre står Frp sin Frank Willy Djuvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det skriv avisa Firda i si papirutgåve fredag.

Det latar ikkje til å stilna rundt Jacob Nødseth i Flora-politikken. Tysdag vart han kasta som leiar i Helse- og sosialutvalet etter eit ekstraordinært bystyremøte med nettopp Nødseth som einaste sak på sakslista.

I den debatten var Hilmar Eliasson, som melde seg ut av Høgre tidlegare i år i protest mot behandlinga av Nødseth, ein av dei som støtta den 25 år gamle politikaren. Bystyremøtet var tysdag, onsdag vart Eliasson kasta som styremedlem i det kommunale selskapet Krokane Nærtenester der Vidar Grønnevik (H) er leiar, skriv Firda.

Eliasson sjølv seier til avisa at dette kom overraskande på.

– Det har tidlegare vore snakk om utskiftingar, men eg fekk forsikringar frå ordførar Bengt Solheim-Olsen om at eg skulle bli sitjande i styret.

Han stiller seg undrande til kvifor han vart kasta, men seier at det er godt mogleg at det er fordi han forsvarte Nødseth i bystyret.

– Eg oppfattar det slik at eg ikkje er ynskt fordi eg har vore i opposisjon.

Grønnevik seier til avisa at han ikkje forstår skuldingane, og ser på dette som reine spekulasjonar.