NRK Meny
Normal

Skulle snakke politikk - fekk sparken

– Det kom som lyn frå klar himmel, seier Jacob Nødseth (24) om måten han vart sagt opp som politisk rådgjevar for Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Jacob Nødseth

STORMAR: Sidan mars i år har det storma kring Høgrepolitikar Jacob Nødseth. Måndag vart han sparka som ordførar Bengt Solheim-Olsen sin politiske rådgjevar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Høgrepolitikaren vart måndag morgon orientert om at ordføraren ikkje lenger ynskte han som sin personlege rådgjevar.

Møtet mellom ordførar Bengt Solheim-Olsen og Jacob Nødseth skulle i utgangspunktet handle om politiske saker.

– Då vart dette presentert for meg i møtet, utan at eg vart informert om det på førehand. Kvifor det kjem no, så tett til at eg skal svare på om eg ynskjer gjenval til Stortinget eller ikkje, det ynskjer eg ikkje å spekulere i, seier Nødseth til NRK.no.

Har ikkje tillit

Nødseth seier han ikkje har fått noko grunngjeving for oppseiinga. Han var tilsett i 35 prosent stilling etter valet i fjor haust. Solheim-Olsen ynskjer heller ikkje å gå nærare inn på årsaka til at han no går til dette steg.

Forholdet mellom dei to høgrepolitikarane skal gradvis ha blitt meir og meir anstrengt. Ordføraren har overfor NRK sagt at han ikkje kan ha ein personleg rådgjevar han ikkje har full tillit til.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Nødseh og Bengt Solheim Olsen

TETT: Framfor lokalvalet i 2011 jobba Jacob Nødseth og Bengt Solheim-Olsen tett saman.

Foto: Truls Kleiven

– Eit slikt engasjement opp mot ordførar er totalt avhengige av full tillit. Det meiner eg ikkje er til stades i dag, og difor ynskjer eg på ein måte å avslutte dette engasjementet som han har som politisk rådgjevar, seier Solheim-Olsen.

Ulike uttalar om tillit

– Eg opplever det som mistillit, men ordførar sa at det ikkje var det. Så tek eg det ad notam at han har kommunisert annleis til andre aktørar seinare. Dette blir tema i eit møte i neste veke, der også personalsjefen blir med, svarar Nødseth.

24-åringen seier han har innhenta råd i saka, men vil ikkje gå inn på med kven eller kva.

– Eg ser fram til eit ryddig og sakleg møte, og vurderer å ha bistand med på møtet. Eg er oppteken av å følgje spelereglane i arbeidslivet, held han fram.

Vurderer å «snakke ut»

Det har den siste tida storma kring politikaren Jakob Nødseth. I mars kom det fram at han skal ha sendt upassande og sjikanerande meldingar til Unge Høgre leiaren i fylket, Embla Belsvik.

Fleire har retta kritikk mot Nødseth. Mellom andre generalsekretæren i Høgre, Lars Arne Ryssdal. Nyleg meinte også Arve Mjømen at 24-åringen manglar dømmekraft og ikkje bør nominerast til Stortingsplass.

– Eg vil ikkje spekulere i det, men det er klart at ein gjer seg sine tankar. Eg har vore sjukmeld og site stille til no, men opplevd åtte-ti månader der det har storma veldig rundt min person. Eg har vore stille etter råd for folk som no uttalar seg tydeleg i saka. Det er mogleg eg må revurdere rådet og fortelje korleis eg har opplevd den siste tida, seier Nødseth.

Endra syn på politikken

I tillegg til å vere tilsett i kommunen som politisk rådgjevar, er Nødseth både formannskaps- og bystyremedlem. Han er også leiar av helse- og sosialutvalet i Flora kommune.

Han seier han ikkje tidlegare har opplevd, eller fått kommunisert til seg, at det har vore problematisk å kombinere å vere både tilsett og folkevald i kommunen.

Nødseth seier det er opp til andre å vurdere om han er vanskeleg å samarbeide med eller ikkje. Han seier bråket kring nominasjonen har endra hans oppfatning av korleis det er å drive politikk.

– Vi har alle våre måtar å vere på, og det er ikkje alltid at alle kjem like godt overeins. Eg opplever at dei konfliktane som dette komplekse sakskomplekset består i, så er det med personar som eg har hatt dei tettaste relasjonane til i mitt politiske liv, seier han.

– Ikkje pressa

Bengt Solheim-Olsen

TILLIT: Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Til Firdaposten seier Solheim-Olsen at han ikkje har hatt press eller blitt påverka av andre i og utanfor Høgre i valet sitt.

– Eg har teke eit initiativ på sjølvstendig grunnlag på den rolla han har hatt som politisk rådgjevar, seier ordføraren til NRK.no.

– Har den såkalla Embla-saka påverka at du har gjeve han sparken?

– Nei, eg har halde meg til rolla som politisk rådgjevar opp mot ordføraren, og det er einaste i den samanheng har hatt ynskje om, i samarbeid med Jacob, å avvikle engasjementet som politisk rådgjevar.

– Angrar ingenting

Solheim-Olsen seier han ikkje angrar på noko han har gjort overfor Nødseth. Ordføraren seier vidare at han ser fram til å halde fram samarbeidet med politikaren Nødseth, og er overtydd om at dei to vil «fungere profesjonelt».

Han vil ha ein runde med seg sjølv og andre før han avgjer om det blir oppretta ei ny stilling som rådgjevar.

– Der er eg open for fleire løysingar, men det får vi konkludere på etter kvart, seier Solheim-Olsen.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.