NRK Meny
Normal

Vonar det skal bli ro i Flora Høgre

Jacob Nødseth går på dagen frå jobben som politisk rådgjevar i Flora kommune. Ordførar Bengt Solheim Olsen vonar det vil skape ro i Flora Høgre.

Jacob Nødseth

TREKK SEG: Jacob Nødseth si tid som politisk rådgjevar for ordføraren i Flora er over frå og med i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I ei pressemelding som vart sendt ut rett før halv fire i ettermiddag, heiter det at Flora kommune og Jacob Nødseth er kome til ei minneleg ordning i samband med avslutninga av Nødseth sitt arbeidsforhold som politisk rådgjevar i Flora kommune.

– Arbeidsforholdet opphøyrer frå og med i dag. Ordfører Bengt Solheim-Olsen og Jacob Nødseth ser fram til framleis godt samarbeid som folkevalde i Flora kommune, heiter det i pressemeldinga.

Bengt Solheim-Olsen

VONAR PÅ RO: Flora-ordførar Bengt Solheim Olsen trur på ei rolegare tid i Flora-politikken framover.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

– Lagt det bak oss

Ordførar Bengt Solheim Olsen (H) i Flora er knapp i sine kommentarar utover pressemeldinga, men han stadfestar at arbeidsforholdet mellom han og Nødseth no er over.

– Vi ser fram til å samarbeide om politikk i Flora kommune, og eg er glad for at vi har lagt dette kapittelet bak oss, seier Solheim Olsen.

– Vil dette skape ro i Flora Høgre og i Flora-politikken?

– Ja, alle ting som heng i lause lufta er jo ikkje positive, så eg håpar jo det

Vil ikkje røpe detaljane

Detaljane i sluttavtalen mellom kommunen og Nødseth er ikkje gjort offentlege, men det skal ha vore fleire forhandlingsrundar mellom partane.

– Vi har sjølvsagt hatt nokre rundar på dette. I dag har vi blitt samde om å gjere det slik vi har gjort det. Vi ser fram til å gå vidare, men detaljane i avtalen vil eg ikkje gå nærare inn på, seier Olsen.

– Ikkje naudsynt tillit

Striden i Flora Høgre har hatt fleire bølgjetoppar sidan sist val, og i september i fjor varsla ordføraren at han ikkje lenger ville gjere seg bruk av Jacob Nødseth sine rådgjevartenester.

– At eg går til det steget å varsle Nødseth om at eg ønskjer å avslutte engasjementet, viser at det eg oppfattar som naudsynt tillit oss i mellom ikkje er til stades, sa Solheim-Olsen til Firdasposten 4. september i fjor.

– Kan ikkje tvinge

Det har vore gjort ei rekkje forsøk på å skape ro i Flora Høgre, men gruppeleiar i Flora Høgre, Hanne Husebø Kristensen slo fast følgjande 17. januar i år.

– Ein kan ikkje tvinge vaksne folk til å bli vener. Men eg hadde trudd at ein kunne lage eit regelsett som ein kunne bli einige om å fungera etter, og det har det fram til no, fungert slik som det var tenkt. No viser det seg at det ikkje fungerer lenger, seier Husebø Kristensen.



Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå