Hopp til innhold

Nødseth skreiv eiga støtteerklæring

Jacob Nødseth (H) var sjølv med på å skrive støtteerklæring til seg sjølv i den såkalla "rådmannsaka".

Jacob Nødseth

Frp stadfestar at Jacob Nødseth sjølv skreiv delar av støtteerklæringa han fekk i eit lesarbrev nyleg.

Foto: AUF i Sogn og Fjordane/Erlend Bø

Det stadfestar fleire lokale Frp-arar ovanfor Firdaposten . Lesarbrevet som var signert partiet si bystyregruppe stod torsdag på trykk i avisa og vart publisert på Frp sine eigne nettsider.

- Eg kan ikkje ta æra for ordlyden i lesarbrevet. Men vi er samde i sak. Men det er Nødseth som har skrive teksten, stadfestar gruppeleiar Bjarne Holme ovanfor avisa.

Nødseth avviser påstandane , men vedgår at ting kunne vore gjort annleis.

Kranglar i ølpolsaka

Lesarbrevet kritiserte i klåre ordelag konstituert rådmann Terje Heggheim, og rosar i staden Høgre-politikaren. Heggheim og Nødseth har gjennom lesarbrev i avisene vore i tottane på kvarandre sidan nyttår i samband med ølpolsaka .

Nødseth skulda rådmannen for å drive sakshandsaming for å få rådmannsjobben permanent. Heggheim svara på kritikken med harde ord og mellom anna kalla Nødseth "ein politisk kujon".

- Uakseptabelt

Rådmannen sjølv seier til avisa at han reagerte på språkforma og er ikkje overraska. Høgreleiar Berit Seljeseth Osa seierat ho både er sjokkert og forundra over utviklinga i saka.

- Om dette stemmer er det heilt uakseptabelt, seier ho til Firdaposten.

- Seglar under falskt flagg

Seljeseth Osa vil ikkje spekulere i om saka får følgjer for Nødseth. Ho vil først ta den opp internt med partane.

- Eg kan ikkje leve med at folk seglar under falskt flagg på denne måte. Ein ting er korleis Nødseth opererer, men det undrar meg også at Framstegspartiet driv politikk på denne måten, seier ho.

- Likar det ikkje

Framstegspartiet sin førstekandidat, Åge Starheim, likar dårleg samrøret mellom Høgre og Frp. Han seier til avisa at han det er viktig med etiske retningsliner mellom parti og ryddige forhold, slik at velgarane skal kunne forholdet seg til kven som gjer kva.

- Vi må kunne stå for det vi meiner. At medlemer frå andre parti formulerer vår sak likar eg ikkje, og slik kan det ikkje vere, seier han.