Hopp til innhold

Nødseth orsakar uttalar mot partifeller

Jacob Nødseth (24) orsaka under ein pressekonferanse kritikken han retta mot partifellar i Høgre.

Jacob Nødseth

ORSAKA: Jacob Nødseth orsaka kritikk som han retta mot partifellar i Høgre.

Foto: Bård Siem / NRK

Det skjedde under ein pressekonferanse etter oppvaskmøte med fylkesleiinga i partiet.

Jacob Nødseth skildra møtet som godt og konstruktivt, før han orsaka upresise uttalar og presiserte tilliten til partifellar han tidlegare har retta skyts mot.

– Eg vil vere tydeleg på at eg har tillit til leiaren i Florø høgre (Vidar Grønnevik, red. anm.), fylkesleiar i Sogn og Fjordane (Arve Mjømen, red. anm.) og gruppeleiaren i Flora Høgre (Bjørn Hollevik red. anm.). Det er viktig at vi i politikken har tydeleg leiing for alle, inkludert meg sjølv, sa Nødseth.

Fekk ultimatum

Det har storma kring høgrepolitikaren etter at han i ein privat pressekonferanse tok eit kraftig oppgjer med fleire partifellar i partiet.

Mellom anna meinte han at gruppeleiar Bjørn Hollevik i Flora Høgre har dolka han i ryggen.

– Hollevik og eg har vore nære og støtta kvarandre i mange år. Eg føler at han no motarbeider meg.

Frårådde nominasjon

Fylkesleiar Mjømen meinte Nødseth manglar litt på dømmekrafta, og ikkje bør nominerast til stortingsplass.

– Det er noko som heiter etikk og. Ein kan seie at det politiske talentet til Jacob er uomstridd, men det manglar litt på dømmekrafta slik eg ser det, sa Mjømen til NRK.

Nyleg fekk Nødseth også sparken som Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen sin politiske rådgjevar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jon Bolstad

RÅDGJEVAR: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, på veg til møtet med Sogn og Fjordane Høgre som Nødseth sin personlege rådgjevar.

Foto: Bård Siem / NRK

I helga fekk Nødseth ultimatum frå generalsekretær Lars Arne Ryssdal om å erklære tillit til dei tre partifellene, eller å forlate partiet.

Vil jobbe saman

Fleire høgrepolitikarar har også gjeve Nødseth støtte og skildrar stormen som ein svertekampanje mot 24-åringen. Høgre-veteran Eva Marie Halvorsen tykte lite om kravet frå Ryssdal, og vurderer no å melde seg ut av partiet.

– Dette er god gammaldags stalinisme med sentralstyring. Her må vi love kva vi skal meine og kva vi skal seie til dei tillitsvalde eller andre i partiet. Det har eg aldri opplevd før. Og eg vil heller ikkje vere med i eit parti som krev dette, sa ho.

– Full retrett?

Under pressekonferansen måndag gjekk Nødseth tilbake på uttalar som at «tjukna på lommeboka» og «vennskapelege relasjonar» påverkar politiske prosessar i partiet.

– Eg vil vere tydeleg på at det ikkje er grunnlag for å hevde det, og at eg ikkje burde sagt det. Det er ein upresis uttale som har skapt tvil som ikkje er grunnlag for å vere der, seier han.

– Er ikkje dette full retrett i høve det du sa på pressekonferansen?

– Politikk handlar om å saman finne gode løysingar for framtida. Vi hadde eit godt møte i dag der eg har vore tydeleg på at eg har eit stort forbetringspotensial på mange område og ein av dei tinga eg må vere tydeleg på og som eg oppriktig meiner er at det er viktig å ha ein tillitsrelasjon vidare, seier han.

Bolstad som rådgjevar

På spørsmål frå NRK om det er den massive kritikken frå partileiinga sentralt som er bakgrunnen for orsakinga, avviser 24-åringen dette.

– Vi har hatt eit veldig godt møte i dag, der eg opplevde høgde for å diskutere fleire ting. Eg opplever at vi er samde om spelereglane vidare, og eg kan leve godt med det vi har diskutert og kome fram til i dag, seier han og held fram:

– No ser eg fram til å halde fram mitt engasjement i Høgre for å jobbe fram gode politiske saker og håper eg gjennom det viser at eg er tilliten verdig både i høve til veljarane og i høve til partiet og dei mange verva eg har.

– Ny start og nytt liv

Frå Høgre sentralt deltok også Martin Engeseth, seniorrådgjevar i partiet sin hovudorganisasjon innan kommunalpolitikk. Han stilte på vegner av generalsekretær Ryssdal.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, stilte seg bak oppsummeringa til Nødseth.

– No er det ein ny start og nytt liv. Det er fort gjort å rive ned tillit, og den skal byggjast opp att, oppsummerte han.

Bolstad som rådgjevar

I same pressekonferanse kom det også fram at Nødseth har nytta Helse Førde-direktør Jon Bolstad som sin personlege rådgjevar.

– Eg fekk ein førespurnad om å stille, og gjorde dette av medmenneskelege omsyn, seier Bolstad til NRK.