Hopp til innhold

Vart kasta ut av Høgre - no jobbar Nødseth med ei eiga liste fram mot valet

Den ekskluderte Høgre-politikaren Jacob Nødseth stadfester no at han vurderer å stille partipolitisk uavhengig liste til valet neste år. Målet er å kunne stille lister både til bystyret i Flora, og til fylkestinget.

Jacob Nødseth med sine støttespelarar Hilmar Eliasson og Marit Grønnevik Stave.

EIGA LISTE: Jacob Nødseth jobbar med ei eiga partipolitisk uavhengig liste. Her saman med sine støttespelarar, Hilmar Eliasson og Marit Grønnevik Stave.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Nødseth seier han har fått oppmodingar både frå folk på gata, og frå politikarar i andre parti – som kan tenkje seg å stå på ei slik liste.

– Så langt har eg fått over 200 tilbakemeldingar frå personar som seier at dei støttar dette og at dei ønskjer at dette blir noko av. Men det er klart, skal eg stå på ei liste i Florø i 2015 så er det veldig mange ting som må vere klare før det. Ein må ha med flinke dedikerte menneske.

– Med så mange tilbakemeldingar frå folk om at dei både ønskjer å røyste på ei eventuell liste, og å stå på ei eventuell liste, så er det noko eg må vurdere.

Vart kasta etter langvarig uro

Etter sterke personkonfliktar vart Jacob Nødseth ved årsskiftet ekskludert frå Høgre. 26 åringen sit no som uavhengig formannskaps- og bystyremedlem i Flora, og er vara til fylkestinget.

Men sjølv om Nødseth altså er kasta ut av Høgre, er det slett ikkje sikkert at den omstridde politikaren forsvinn frå den lokalpolitiske scena.

Han gler seg over dei mange tilbakemeldingane frå folk som vil ha han med vidare.

– Folk stoppar meg i Strandgata, i Markagata, på Handelshuset i Førde, og seier at vi kanskje må få til ei forandring. Det opplevast som berre positivt. Det er noko som gir energi, så det er noko eg vurderer framover.

(Artikkelen held fram under)

Jacob Nødseth

STØTTE: Jacob Nødseth fortel at han har fått mykje støtte frå alle kantar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Treng ei leiing som kan setje dagsorden

Saman med støttespelarar, blant dei den Høgre-utmelde bystyrerepresentanten Hilmar Eliasson, vurderer Nødseth å stille ei partipolitisk uavhengig liste til kommunevalet i 2015.

– Florø er ein av stadene der det er mogleg å mobilisere veljarane til å sjå at saker og personar er viktigare enn parti. Vi treng ei politisk leiing som evnar å setje dagsorden, leie kommunen framover og spele på lag med alle etablerte parti og representantar. Der har Flora kommune ein lang veg å gå, seier Nødseth.

I 2007 fekk den upolitiske lista til Taparpartiet éin representant i Flora. Sjølv ser Nødseth mot den legendariske Mons Mons-lista.

– Sist gong det vart stilt ei samlingsliste var i 1971, og då fekk den reint fleirtal i bystyret, minnast Nødseth.

– Kan gå ut over Høgre sin oppslutnad

Under sjukehusstriden i 1971 fekk nemleg lista med fleire utmelde Ap-arar reint fleirtal og tok ordførarklubba i kystbyen.

Val 09 - Eldgrim Fossheim og Knut Henning Grepstad

VALFORSKAR: Knut Henning Grepstad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Valekspert Knut Henning Grepstad er på si side usikker på om noko liknande vil kunne skje igjen.

– Det var ein heilt annan situasjon, som gjekk på kor vidt ein skulle ha eit sentralsjukehus, og risikoen for nedlegging av sjukehuset i Florø. Eg meiner det går ikkje an å samanlikne dei to situasjonane i det heile tatt.

– Det blir heilt noko anna når det er spørsmål om ein person eller fleire enkeltpersonar skal veljast inn i bystyret, i høve til det som skjedde når vi fekk brakvalet for Monsen i Florø i samband med den tunge sjukehusstriden i Sogn og Fjordane.

– Kor mykje kan ei slik liste skade Høgre ved neste val?

– Det står att å sjå, men det er klart at viss Jacob Nødseth si liste gjer ein god valkamp og markerer seg godt med mange viktige saker der dei målbær sine tankar, så kan det gå ut over Høgre.

Grepstad er likevel usikker på kor viktig Nødseth har vore for Høgre sin veljartekke, og viser dessutan til at personkonfliktar innad i lokalpartia også ved enkelte høve kan føre til auka oppslutning, slik det skjedde med Arbeidarpartiet i Luster for nokre år tilbake.

Trur på plass på fylkestinget

Og blir det noko av det som på gata i Florø blir kalla Jacob Nødseth-lista, ser hovudpersonen sjølv ingen grunn til å berre stille til val lokalt i Florø.

Også fylkestinget bør vere innan rekkevidd, meiner jus-studenten.

– Eg vil tippe at ein treng 1300–1400 røyster for å komme i fylkestinget. Førre val hadde eg over 600 personrøyster, så det er klart at ein vurderer sjansane for å stille ei liste til fylkestinget.

– Men sjansane for å gjere eit veldig godt val er betydeleg større i Flora enn i Sogn og Fjordane, legg han til.

– Små moglegheiter

Medan sjansane kan vere gode i Flora, trur valeksperten ei Nødseth-liste vil få det tungt på fylkesplan.

– Der trur eg moglegheitene blir veldig små. Det skal noko til at han i det miljøet maktar å mobilisere nok til å få inn i alle fall meir enn éin. Og denne representanten vil i tilfelle bli veldig isolert i fylkestinget.

– Ein skal ikkje utelukke at det kan komme éin, men kva denne eine eller ei lita gruppe kan få gjort i fylkestinget, det er høgst usikkert.

– Eg er Høgre-mann

For Nødseth er det ikkje aktuelt å melde seg inn i eit anna parti å stå på lister der.

– Eg har fått førespurnader frå fleire parti både i Florø, elles i Sogn og Fjordane og i Hordaland og Oslo. Eg er Høgre-mann. Mitt hjarte ligg i Høgre. Det er ikkje slik at eg kan slå av ein brytar og gå frå å vere Høgre-politikar til å bli Arbeidarparti-mann, over natta, til dømes.

– Med tida kan det sjølvsagt vere at eg revurderer desse standpunkta.

Ordførarjobben kan vere interessant

Uansett, mykje tyder på at Jacob Nødset ikkje forlet bystyresalen i Florø for godt, når denne perioden er over. Om ei partipolitisk liste blir ein realitet, vil han først og fremst jobbe for vekst i Florø og dei store tettstadane i fylket.

– Om eg går på ein ny periode til i bystyret, er ambisjonen min klar, då vil eg utøve politikk. Det betyr at eg ikkje kjem til å stå langt nede på ei liste viss eg stiller på den, seier Nødseth.

På spørsmål på om ordførarjobben i kystbyen freistar svarar Nødseth slik.

– Eg er sjette generasjon florøværing og brenn for byen min. Det er klart at ordførar i Flora er noko som på eit tidspunkt kan vere interessant. Om det blir i 2015, det får vi sjå. Det spørst kor mange andre flinke folk som ønskjer å bidra til det.