Nødseth-avtalen har sett dagens lys

Den hemmelege arbeidsavtalen mellom ordførar Bengt Solheim-Olsen og Jacob Nødseth har sett dagens lys.

Jacob Nødseth

FEKK SPARKEN: Jacob Nødseth fekk sparken som politisk rådgjevar for ordføraren i Flora. No er avtalen mellom dei kome fram i dagslys.

Foto: Bård Siem / NRK

Firda har fått tilgang til den mykje omtala avtalen mellom Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen og partifellen Jacob Nødseth, då sistnemnde vart tilsett som politisk rådgjevar for ordføraren.

I fylgje avisa skulle Nødseth ha nøkkel til ordførarkontoret og vera Solheim-Olsen sin sparringspartnar og talerøyr. Han skulle også tilretteleggje korleis ordføraren stod fram utad, og Nødseth hadde fullmakt til å representere Flora si politiske leiing.

Bente Frøyen Steindal, gruppeleiar i Flora Arbeiderparti, kravde tidlegare denne veka å få tilgang på avtalen som vart inngått då Nødseth vart tilsett i rådgjevarstillinga.

1. september var Nødseth sparka frå stillinga, utan at nokon fekk ei forklaring på kvifor.

Avisa skriv at den politiske rådgjevaren skal tilretteleggja den politiske kommunikasjonen frå ordføraren og kommunen, og stå koordinere rammene for korleis ordføraren skal opptre utad.

NRK har prøvd å få tak i ordføraren laurdag utan å lykkast. Heller ikkje Firda fekk kontakt då dei prøvde fredag.