Hopp til innhold

NOAH politimelder kattejegrar

Dyrevernorganisasjonen NOAH politimelder to personar  som har jakta og drepe fleire kattar på Leikanger.

Katt i bur.
Foto: NRK

- Her er det privatpersonar som går og skyt etter kattar, og det er brot på dyrevernlova, seier leiar i NOAH, Siri Martinsen. Ho meiner dei må reagere når slike episodar førekjem.

- Desse kattane er freda om dei er ville, og dersom nokon eig dei er dei sjølvsagt også freda frå denne type åtferd.

Ikkje første gong

Det er langt frå første gong NOAH politimelder privatpersonar. Fleire reveoppdrettarar i Gloppen vart tidlegare i år melde til politiet etter det NOAH meinte var brot på dyrevern-lova.

To personar har vore med og skote fleire villkattar på Leite i Leikanger, kattar som dei sjølv meiner er eit stort problem i området. Men Martinsen er ikkje samd i at kattane er eit problem.

- Sjølv om menneska ikkje tek ansvar for dyra så er dei altså beskytta mot avliving av viltlova. Det å gå ut og ta livet av desse kattane er lovstridig, seier NOAH-leiaren.

Trugande telefonar

Dei to personane som har avliva kattane vil ikkje lata seg intervjua av NRK, men seier dei reagerer på måten NOAH har gått fram på. Begge har fått det dei har opplevd som trugande telefonar, ofte seint på kvelden. Dessutan meiner dei at dyrevernorganisasjonen heller bør retta fokus mot katteeigarane som gjer at villkattar blir eit problem i området.