Hopp til innhold

No vurderer studentane aksjonar

Reagerer på at regjeringa ikkje løvde ekstra kroner over statsbudsjettet.

Høgskulen på Foss

STUDENTANE REAGERER: Stundentane ved Høgskulen kjenner seg svikne etter regjeringa ikkje løyvde den lova ekstra månaden studiestønad.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei tre regjeringspartia fronta i valkampen ein ekstra månad studiestønad til studentane.

Ingenting skjedde

Men: I gårsdagens framlegg til statsbudsjett var likevel ikkje den ekstra studiestønaden komme med.

Det får studentane til å reagere.

- Eg synest det er provoserande. Det er eit løftebrot når ein går ut så tydeleg i valkampen og er samde om at dette er eit satsingsområde, seier Gunnar Bondhus.

Vurderer aksjonar

Bondhus er leiar i studentparlamentet i Sogn og Fjordane, og er skuffa over at neste års statsbudsjett ikkje tek høgde for at studentane gjerne vil ha meir i posen.

- Det burde ha vore aksjonert frå studentane. Dette er no til vurdering her lokalt, seier Bondhus.

Mange må jobbe

Studentane såg for seg at regjeringa ville gjennomføre dei felles lovnadane frå valkampen, der det heitte seg at studiestønaden skulle auke frå ti til elleve månader.

Det ville i så fall ha betydd ei auke i stønaden på om lag 6000 kroner i året.

- Det er mange som må jobbe for å klare å få endane til å gå rundt, forklarer Bondhus.

Forstår studentane godt

Studentleiaren vert støtta av Trude Brosvik. Fylkesleiaren i KrF viser til at partiet var mellom dei partia som kjempa for auka stønad under valkampen.

- Eg meiner dette er årets nedtur. Her har alle regjeringspartia og KrF vedteke å utvide studiestønaden. Vi har ei fleirtalsregjering som flagga dette i valkampen. Så eg synest studentane og ungdommen har god grunn til å reagere, seier ho.

- Regjeringspartia vil heilt sikkert seie at det er eit fireårsprogram. Men når alle i regjeringa er samde, kan det ikkje vere vanskeleg å forhandle det fram, påpeikar Brosvik.

Satsar på bustader

Ifølgje Tor Bremer har regjeringa prioritert kamp mot arbeidsløyse i framlegget til statsbudsjett. Men han meiner budsjettet på ingen måte er ein nedtur for studentane.

- Forstår du at studentane oppfattar dette som eit løftebrot?

- Nei. Vi har laga eit program som varer for fire år. I år var det ikkje plass til ei auke i studestønaden, men vi legg opp til ei stor satsing på studentbustader, seier Ap-politikaren.

- Det er framleis tre år att av perioden, og vi vil satse på å få det inn ved neste høve, seier Bremer.

- Så det kjem?

- Eg vil ikkje gi garantiar. Men vi slåst for det.