Hopp til innhold

No vil Venstremannen ta opp kampen med Ap i Årdal

Ved haustens kommuneval er Venstre tilbake i Årdal etter 40 års fråvær. Ein nøgd første nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Terje Horvei, seier ein har jobba i fleire år med å få på plass liste og lokallag.

Terje Horvei

STILLER IGJEN LISTE I ÅRDAL: Terje Horvei er nestleiar i Sogn og Fjordane Venstre.

Foto: Privat

Han meiner partiet vil vere eit godt alternativ til Arbeidarpartiet i Ap-bastionen Årdal.

– No er Arbeidarpartiet store i Årdal, og det vil dei sikkert vere i framtida også. Det som er viktig oss er å vere eit alternativ for gründerar og dei som vil starte bedrifter.

Sist partiet stilte liste ved kommunevalet i Årdal var i 1973/74. Med industrikommunen i Sogn i folden stiller Venstre no lister i 23 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane.

– Årdal er viktig for Venstre, sjølv om den ikkje har vore på Venstre-kartet på ei stund. Årdal er ein stor kommune og vi har jobba i eit års tid med å få dette til.

Kva målsetjing har ein for laget i Årdal?

– Første målet er jo nådd når vi har no har fått ei liste som årdølane kan røyste på. I løpet av eit par år ser vi for at vi kan blir det alternativet i Årdal som mange har sagt dei har sakna.

Nominasjons- og skipingsmøte blir halde førstkommande onsdag.