Hopp til innhold

Vil ta dei som hyrar inn sjåførar som bryt lova

Vogntogsjåførar på norske vegar blir kontrollert og straffa i hopetal. Vegvesenet varslar at dei framover vil bruke meir ressursar på å gå etter dei som betaler for transporten.

Utekontrollørar frå Statens vegvesen under ein kontroll på Førde trafikkstasjon

JOBBAR MED KONKRETE SAKER ALLEREIE: Dei klaraste krava om ansvarsforhold ligg innanfor køyre- og kviletid. – På alle andre område er det litt meir komplisert, men også der vil transportkjøparar kunne bli stilt ansvarlege, jamfør straffelova, seier Pedersen i Krimseksjonen.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Eg trur mange transportkjøparar vil ta ansvar, men prisjaget i bransjen er veldig stort. Så lenge ingen blir tekne, let ein det skli litt igjennom, seier Per Herman Pedersen i Krimseksjonen i Statens vegvesen.

Per Herman Pedersen i Statens vegvesen sin krimseksjon

KVEN STÅR BAK: Seniorrådgjevar Per Herman Pedersen i Statens vegvesen vedgår at dei til no ikkje har følgt opp regelverket som gjeld ansvaret transportkjøparane har. Dette blir det no ei endring på.

Foto: Anna Gytri / NRK

Tusenvis av yrkessjåførar blir kvart år stoppa for lovbrot langs vegane. Brot på reglane for køyre- og kviletid, dårleg sikra last og trafikkfarlege køyretøy er gjengangarar når Vegvesenet kontrollerer sjåførar og køyretøy.

Vegvesenet har for lengst konstatert at det er ein del useriøse aktørar i bransjen. No går dei nye vegar i håp om å bli kvitt verstingane.

– Transportkjøparane sit med mykje makt

Saman med Arbeidstilsynet og ei rekkje organisasjonar i transportbransjen har Vegvesenet fått laga det som blir kalla ein rettleiar for bestilling av transporttenester (ekstern lenke).

Gjennom fleire sjekklister kan dei som bestiller transport finne ut kva dei må passe på for at transporten skal skje på ein lovleg og ordentleg måte.

Med rettleiaren får transportkjøparane tydeleg og tilgjengeleg informasjon om reglar og forskrifter. I tida framover skal Vegvesenet bruke tid på å følgje opp om transportkjøparane gjer sitt for å unngå lovbrot langs vegane.

– Dei som kjøper transporten sit på ein del av nøkkelen for å få gjort endringar. Dersom dei stiller krav til transporttenestene, vil useriøse aktørar kunne bli pressa ut, seier Hermansen.

Jan Ove Bjørgum og Bjarte Frækaland på Håbakken kontrollstasjon

BLIR OPPDAGA PÅ UTEKONTROLL: Inspektørane som gjer utekontrollar langs vegane kvar veke blir sentrale når Vegvesenet skal sjå transportkjøparane nærare i korta. Utekontrollørane vil tipse vidare om dei ser kjøparar som går igjen i saker der dei avslører lovbrot.

Foto: Anna Gytri / NRK

Har eit ansvar

I Norges Lastebileigarforbund (NLF) har dei for tida ekstra fokus på bevisstgjering rundt ansvaret dei som kjøper transport har.

– Straffelova har ein medverkarbestemmelse, og det finst også konkrete lovverk og forskrifter som seier at bestillar har ansvar for arbeidstid, for køyre- og kviletid og liknande hos transportbedrifta, seier NLF-advokat Skjalg Halvorsen.

I samarbeid med utekontrollørane landet rundt vil Krimseksjonen i Vegvesenet kartlegge om det er transportkjøparar som går igjen i sakene der sjåførar blir stoppa for lovbrot.

– Dette kan til dømes vere gjentekne brot på køyre- og kviletida, der Vegvesenet meiner transportkjøparen burde ha visst at sjåføren må bryte lova for å kome fram med varene, seier Pedersen.

Norges Lastebileigarforbund har også starta eit nytt kvalitetsprogram, Fair Transport, som dei håpar skal gjere det enklare for transportkjøparar å velje det dei meiner er skikkelege selskap.

NHO er positive

Karoline Bjørklund, NHO Transport og Logistikk

SAMAN FOR EIN SERIØS BRANSJE: Karoline Bjørklund i NHO Transport og Logistikk seier eit av tiltaka for å bidra til ein meir seriøs transportbransje er utforminga av ein rettleiar for transportkjøparane. Det er denne Vegvesenet no vil sjekke at blir følgd opp av dei som kjøper transport i kvardagen.

Foto: NHO

Karoline Bjørklund er fagsjef for næringspolitikk i NHO Logistikk og Transport. Ho seier dei på lik linje med Vegvesenet er interessert i få luka vekk verstingane.

– Med auka fokus på at den som bestiller transport også skal bidra til at det skjer på ein ordentleg måte, så kan vi få auka bevisstheit og slik bidra til at transportbransjen blir meir seriøs.

Leier i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, har venta på at Vegvesenet ser transportkjøparane i korta. Han meiner det å straffe sjåførane ofte ikkje nyttar, og viser blant anna til at sjåførar kan kome tilbake med falske førarkort.

– Let vi transportkjøparane stå ansvarleg, får vi kanskje ei betring i bransjen på sikt.

Rolf Olav Tenden, fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund

POSITIV: Uavhengig av om sjåførane køyrer for norske eller utanlandske selskap, har transportbransjen alt å vinne på at transportkjøparane blir stilt ansvarleg. – Dette kan løfte bransjen opp det nivået der vi skal vere, seier Rolf Olav Tenden.

Foto: Anna Gytri / NRK