Hopp til innhold

Gustav har blitt ein bauta på Sogndal - no vil han til EM

(SOGNDAL – SARPSBORG 08 0-0): Gustav Valsvik har etablert seg som ein bauta i midtforsvaret til Sogndal. Det håpar han er ein god søknad til U21-sjefen framfor sommarens EM-sluttspel.

Gustav Valsvik ruvar i duell med Sarpsborg-forsvaret

RUVAR: Storvokste Gustav Valsvik er lett synleg i duellar i Sogndal sitt midtforsvar. Det vil han gjerne vere også med flagget på brystet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– No må eg berre prestere på laget i kvar einaste kamp. Er eg god nok, så håpar eg at eg får eg vere med, seier Gustav Valsvik.

Han står i mixed sone på Fosshaugane etter 0-0-kampen mot Sarpsborg, og forklarer journalistane kor skuffa Sogndal er over at dei ikkje klarte å avgjere til sin fordel.

Har hektiske dagar med fotball

For hans eigen del er det svært hektiske dagar, der han i tillegg til spel i eliteserien også har vore oppteken med flagget på brystet.

Difor fekk han kvile under cup-kampen mot Tornado Måløy – men mot Sarpsborg 08 var han som vanleg ein påliteleg makker til meir rutinerte Hannu Patronen.

Eg er nøgd med sesongstarten så langt. Folk trur kanskje eg blir sliten av så mange kampar, men det skjer ikkje – fotball er jo kjekt, smiler Valsvik – som først om ein månad fyller 20 år.

«Han er sterk som h ...»

No håpar midtstopparen på eit «opprykk» til U21-landslaget som skal spele EM i Israel i juni. Tidlegare har Valsvik fått spele med U21-generasjonen som skal ta over etter at EM er ferdigspelt.

– Eg håpar jo på det, sjølv om kampprogrammet då vil bli ganske intenst i sommar. Så lenge eg presterer slik eg gjer no, har eg eit håp – sjølv om det er gode spelarar på laget frå før, seier Valsvik.

Han får gode skotsmål frå motstandaren.

– Han er jo sterk som h ..., ler Christian Brink då NRK.no spør korleis det var å duellere mot Valsvik på dødballsituasjonar.

Trur Valsvik kan nå langt

Brink var sjølv i Sogndal som midtstoppar då han slo igjennom i ung alder. Han kjenner seg att i situasjonen til den unge vikjen.

– Eg var ung og fekk mykje erfaring av å spele i Sogndal. Får Valsvik bra med speletid her, så trur eg han kan nå langt, seier Sarpsborg-stopparen.

– Kva tenkjer du om Sogndal som ein klubb å utvikle seg i?

– Det er Norges beste klubb å utvikle seg i, seier Brink.

OK nøgd med seriestarten

Valsvik og Sogndal brukte lang tid på å bli samde om ny kontrakt sist sesong. 19-åringen var då mellom anna i England og viste seg fram.

No satsar han vidare med Sogndal. Og kanskje blir det eit EM-sluttspel på kjøpet.

– Eg synest vi burde hatt tre poeng i dag. Men alt i alt har vi vel hatt ein godkjent seriestart, seier Valsvik.