NRK Meny
Normal

No vil Ulrik ha tillit frå start

Etter å ha gjort eit friskt innhopp i borte-tapet mot Strømsgodset, meiner Ulrik Flo han bør få starte neste kamp for Sogndal.

Ulrik Flo i fint driv

KLAR FOR Å STARTE: Ulrik Flo var frisk då han fekk sjansen i andre omgang. No håpar han å få starte neste serierunde.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Eg hadde håpt å få starte mot Godset. No må eg gripe sjansen når eg får den, seier Ulrik Flo.

Han var saman med dei andre Sogndal-spelarane tydeleg skuffa over å ha tapt 2-1 i seriepremieren i eliteserien, men var i tillegg skuffa over å ha blitt vraka frå startellevaren.

- Eg hadde trudd eg skulle få starte, etter at eg har fått mykje tillit i treningskampane. Men så...

- Klart eg er skuffa, seier Ulrik Flo.

Likar at det er konkurranse om plassen

Trenar Harald Aabrekk valde å satse på duoen Cato Hansen og Espen Olsen frå start. Eit stykke ut i andreomgang måtte Olsen forlate bana, utan å ha klart å skape veldig mykje.

- Eg synest vi gjer ein OK kamp, men slepp inn for lette mål. Det bli vi straffa for på dette nivået, seier Olsen.

Sjølv er han ikkje oppteken av kor mange mål han skal score denne sesongen. Han meiner derimot det er ein styrke for Sogndal med fire jamgode spissar.

- I dag kjem Ulrik inn og gjer ein god jobb. Slikt er eit pre for oss, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Espen Olsen

TØFFE DUELLAR: Stopparane til Strømsgodset var flinke til å pakke inn Espen Olsen og Sogndal-spissane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kunne ha rana med seg eitt poeng

Sogndal gjekk til pause med eitt baklengsmål i sekken på Marienlyst. Første omgang var slett ikkje verst reint spelemessig og sjansemessig til å vere debuten i eliteserien.

Men ein grusom start på andreomgang og eit nytt billeg baklengsmål gjorde oppgåva dobbelt så vanskeleg. Først etter halvspelt andreomgang byrja laget å likna på seg sjølv - og på slutten kunne Sogndal med litt flaks ha fått med seg eitt poeng.

Sogningane greidde derimot ikkje å lage fleire mål enn det eine på straffespark ved Ole Jørgen Halvorsen.

Møtte eit veldig godt heimelag

- Det er skuffande å tape. Det er det alltid, seier Henrik Furebotn.

Han var som vanleg høgt og lågt på bana, men kunne ikkje hindre Strømsgodset i å få ein god start på sesongen,

- Eg trur Godset kan ende høgt på tabellen, og vi skal vere klar over at dei er eit av Norges beste heimelag, påpeikar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Bakke fortvilar

FORTVILA: Eirik Bakke tek seg til hovudet etter ein av Sogndal sine store sjansar mot slutten av kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det er tett kamp om plassane

Harald Aabrekk meiner 2-0-scoringa øydela mykje for Sogndal. No er han glad for at det er to veker til neste kamp; heime mot Odd Grenland.

Slik forklarer han at Ulrik Flo ikkje fekk tillit frå start denne gongen:

- Det er tett kamp om plassen. Denne gongen gjekk det i favør av Espen, som har scora mest i sesongførebuingane, seier Aabrekk.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser