Hopp til innhold

No vil Telenor prøve å betre nettet til Ørjar

Ørjar Eiker betaler rekningane sine ved hjelp av 4G-dekning i skogen. Over helga vil Telenor prøve å byte modemet hans for å betre nettforholda.

Ørjar Eiken

HÅPAR: Ørjar Eiker håpar nettdekninga vil bli betre når han får nytt modem. – Eg har samtidig fått beskjed om at om der er feil på linja vil ikkje Telenor reparere den. Då er eg like langt viss det kjem eit lynnedslag eller liknande.

Foto: Bård Siem / NRK

I Fjaler må Ørjar Eiken betale rekningane sine i skogen der han har 4G-dekning. Ein feil på linja gjorde at han mista nettet heime. Men Telenor vil ikkje reparere lina opp til huset hans.

– Lina består av eit langt strekke med kopar som over tid har vorte dårleg, noko som vil bli svært kostbart å reparere. I tillegg har vi ikkje leveringsplikt når det gjeld breiband, sa moderniseringsdirektør i Telenor Arne Quist Christensen då saka blei kjend.

Byter modem

No vil Telenor prøve å byte modemet heime hos Ørjar Eiken for å betre tilhøva.

– Vi ser at modemet han har ein gammal modell. Vil prøve å byte til ein ny modell som er meir robust og vil nytte signala litt betre. Så vil vi sjå om det blir godt nok til at det fungerer hos han, seier Christensen.

Måndag kjem entreprenøren. Telenor tek kostnaden for å byte modemet.

Arne Quist Christensen

SKAL MØTE KOMMUNEN: Telenor og Fjaler kommune skal møtast i haust for å drøfte ei meir løysing for området i Fjaler.

Foto: NRK

– Men dette er ei kortvarig løysing?

– Det stemmer. Han har ei lang koparlinje inn til seg. Den er dels luftkabel og dels sjøkabel. Den veit vi er dårleg. Vi håpar det er tilstrekkeleg å byte modem. Men er det ikkje det, må vi finne andre løysingar.

– Kva løysingar kan det vere?

– Då håpar vi eit mobilt breiband, der du set ei antenne på taket hans, vil utnytte mobilsignalet i området. Alternativt veit vi at det er tilbydarar av satellittbreiband som har dekning i området, så det kan vere eit alternativ, seier Christensen.

Like langt

I Fjaler håpar Ørjar Eiken det kan fungere å byte modemet.

– Det er flott at Telenor tek den vrien og vil teste om det er modemet som er feil. Viss det er det, håpar eg breibandet kjem tilbake.

– Eg har samtidig fått beskjed om at om der er feil på linja vil ikkje Telenor reparere den. Då er eg like langt viss det kjem eit lynnedslag eller liknande.

Møter kommunen

Telenor har også avtalt eit møte med Fjaler kommune for å drøfte ei meir permanent løysing i heile området, fortel Christensen.

– Løysing kan vere fibernett – fiber til kvar enkelt, eller ei mobilløysing. Det gjeld for området Eiken bur i og ned til Hellevika.

– Telenor er budd på å gå inn med ein betydeleg sum for å få til ei slik løysing, men alt no kan eg seie at det vil krevje at også kommune eller fylkeskommune bidreg i eit spleiselag, seier han.

Kostnaden for dette anslår han per no til kring fem millionar kroner.