NRK Meny
Normal

No vil Opseth ha toppscorartittelen

SOGNDAL – SANDNES ULF 2–1 (NRK): Med opprykket og seriemeisterskapen i boks, ser Kristian Fardal Opseth oppover på toppscorarlista. Mot Sandnes Ulf vart det nok eitt mål til kaupingen.

Kristian Fardal Opseth

TOPPSCORAR: Kristian Fardal Opseth likar å score mål – og held fram med det for Sogndal. No ser han også oppover på toppscorarlista i 1. divisjon.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Med ein giftig spissduo i Mahatma Otoo og Kristian Fardal Opseth i spissen, har Sogndal gått frå siger til siger.

Opseth er no oppe i 16 mål – berre eitt mål bak i kampen om toppscorartittelen.

– Ein tenkjer litt på det no som vi har tatt seriemeisterskapen og alt. Eg tenkjer sjølvsagt litt på andre ting eg kan vinne, flirer Sogndal-spissen.

Har losna att

Den 188 centimeter høge spissen har teke 1. divisjon med storm. Året etter at han kom til Sogndal frå 2. divisjonsfotball med Førde. Berre Pontus Engblom (Sandnes Ulf) og Robert Stene (Ranheim) har fleire mål enn 25-åringen.

Intervju med Kristian Fardal Opseth etter kampen mot Sandnes Ulf

SJÅ VIDEO: Med nok eitt mål mot Sandnes Ulf byrjar Kristian Fardal Opseth å sjå oppover på toppscorarlista i 1. divisjon. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Etter tre mållause fotballkampar, fekk Opseth på nytt nettkjenning mot Hønefoss. På dei tre siste rundane er det blitt like mange mål. Mot Sandnes Ulf kunne det blitt to.

– Eg føler ikkje på meg at det er offside, men det er litt vanskeleg for meg å ha fullstendig oversikt i situasjonen. Den blir spennande å sjå opp att, seier Opseth.

Sist på perfekt innlegg

Mål vart det derimot like etter pause. Då hadde Ruben Holsæter allereie gjeve Sogndal 1–0. Servitør var Victor Grodås.

Intervju med Eirik bakke etter kampen mot Sandnes Ulf

IMPONERT: Ni poeng på ei veke imponerer Sogndal-trenar Eirik Bakke. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Eg hadde berre eitt fokus; å komme framfor midtstopparen på første stolpe. Innlegget frå Victor var perfekt, eg fekk eit godt treff og då susa den inn, seier han og legg til:

– Det kjendest godt.

– Når du er så nærme toppscorartittelen, det er ikkje slik at du tenkjer på dei brende sjansane?

– Dei prøver eg å gjere meg ferdig med, men det er nokre som tenkjer litt over det. Det er slik når ein er spiss og vil score heile tida.

Giftig spisspar

– Det hadde vore stort å bli toppscorar. Spesielt med tanke på korleis ting var før sesongen. Eg var ute store delar av fjorårssesongen, legg Opseth til.

Med sine 29 scoringar mellom seg er spissane Otoo/Opseth ifølgje Sogn Avis dei beste Sogndal har hatt sidan 2000-sesongen. Då stod trioen Kurt Mørkøre, Tommy Øren og Alexander Ødegaard for 47 mål.

Opseth håpar spissmakker Otoo held fram med å score mål.

– Eg håpar Mahatma scorar i kvar kamp. Så lenge han held seg bak meg, flirer han.

– Burde scora meir

Sogndal hadde god kontroll på Sandnes Ulf i den siste heimekampen før Sogndal igjen kan kalle seg eliteseriebygd. Opseth meiner sigeren burde vore større.

– Vi styrer mykje av banespelet, slit litt med å komme til dei store sjansane og eg føler vi kan produsere endå meir. Sjølv om vi har nok sjansar til å score meir. Vi var det klart beste laget, seier han.

Neste helg avsluttar Sogndal på bortebane mot tidlegare Sogndal-spelar Ørjan Hopen og Levanger.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.