Hopp til innhold

No vil Opseth bli toppskårar

FOSSHAUGANE (NRK): – Når eg kan vera så elendig som i dag og likevel skåra to mål kan eg sjølvsagt bli toppskårar, seier Kristian Fardal Opseth.

Kristian Fardal Opseth mot Nest Sotra

TOPPSKÅRAR: Kristian Fardal Opseth er no delt toppskårar i 1. divisjon med 13 mål.

Foto: Arve Uglum / NRK

På ein temmeleg heilsvart dag tok Sogndal-spissane Mahatma Otoo og Kristian Fardal Opseth saka i eigne hender. Og då folk var på veg ut stadionportane etter kampen mot Nest Sotra var det Opseth dei snakka om.

To gonger klinka 25-åringen inn frispark bak Nest-keeperen, og klatra dermed opp på sida av Pontus Engblom frå Sandnes Ulf på toppskårarlista. Begge står no med 13 mål. Med eit solomål frå Otoo i tillegg vart strilelaget sende heim med 3-0-tap.

– Klassefrispark

– Dei frisparka hans er det klasse over, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke, som også rosar andre deler av Opseth sitt spel.

– I dag er han ein av dei som står fram og krigar skikkeleg for laget. Han bidreg med mykje meir enn berre måla, seier Bakke.

Akkurat det er ikkje Opseth spesielt einig i. Han beint fram slaktar sin eigen innsats.

– I dag var alt tungt. Eg har trent bra i det siste og veit ikkje heilt kva som gjer det. Men, men. Eg skåra no eit par likevel, gliser kaupingen.

Sur og grinete

For etter ein første halvtime der Opseth ikkje hadde gjort anna enn å krangle med motspelarar og dommaren, fekk han sjansen frå favoritthaldet. Frispark rett utanfor sekstanmeteren med litt skrått hold frå høgresida. Før det hadde det eigentleg vore 34 minuttar med dominans frå Nest Sotra.

– Eg pleier alltid å prøve å få dei over muren, men her var haldet så kort at eg tenkte eg skulle gå for full kraft i staden.

– Var det fordi du var så sur?

– He, he. Det kan hende det. Det er ei svakheit eg har at eg kan bli litt sur og grinete på bana, men inn gjekk den i alle fall, seier Opseth.

Få minutt etterpå sende han endå eit frispark i tverrliggaren, før spissmakker Mahatma Otoo tok saka i eigne hender. Han sprang med ballen over heile motstandaren sin halvdel etter ein gjennombrotspasning frå Bjørn Inge Utvik, venta akkurat lenge nok før han avslutta iskaldt i mål. Ein tanke urettferdig med tanke på at gjestene hadde vore det beste laget til då, men 2–0 stod det likevel.

Styrte 2. omgang

Utover i 2. omgang etablerte Sogndal seg som det beste laget på Fosshaugane, utan at det vart så mange sjansar av det. Men fire minutt før fulltid fekk Opseth sjansen på frispark igjen, og denne gongen var det ikkje frå drøymehald.

– Det var ute på venstresida, og då er det eigentleg Thomas Drage som skal ta dei. Han spurte om eg hadde tenkt å ta dette og. Eg svarte at viss det var greitt for han så gjorde eg gjerne det, gliser Opseth.

Toppskårar med 13 mål

Ballen gjekk knallhardt i krysset, og dermed var Opseth delt toppskårar i 1. divisjon.

– Så lenge eg får halde fram med å spele mykje for eit så godt lag vil eg få sjansar til å skåra, så eg bør vel ha eit mål om å bli toppskårar. Det hadde vore kjekt det, så lenge me rykker opp, sjølvsagt, seier Opseth.

Det ser lovande ut med tanke på akkurat det. Sogndal toppar tabellen med sju poeng med sju kampar att å spela – og dei har spissar som er i skåringsform.