Hopp til innhold

No tek også bønder til orde for regjeringsskifte

Senterpartiet slit i Sogn og Fjordane, og partileiar Liv Signe Navarsete treng ein solid opptur for å sikre mandatet sitt. Høgre susar derimot fram med stormsteg, og no tek også bønder til orde for regjeringsskifte.

Sægrov

IKKJE VERRE: Høgre-mann Anders Kristian Sægrov trur ikkje livet for bøndene vert verre om dei borgarlege partia vinn årets stortingsval.

Foto: Vigdis Wågø-Warnes/privat / NRK

Ved sist stortingsval stemte kvar fjerde veljar i Sogn og Fjordane på Senterpartiet. Men på meiningsmålingane for det siste året har partiet lege stabilt svakt. Samstundes blæs høgrevinden i fylket.

Vi er midt i Senterparti- land, i Jølster der partiet har hatt ordføraren dei siste 20 åra. Men det er Høgre-politikar Anders Kristian Sægrov som viser oss rundt i ein av dei største fjøsane i Sogn og Fjordane.

– No er det om lag 220 dyr, seier Sægrov.

Lei av å høyre at Høgre trugar bøndene

I fjøsen går dyra fritt omkring, dei blir fora automatisk, og går sjølve til mjølkeroboten når dei vil merkast. Sidan han var gutunge har han hatt lyst til å bli bonde, men han jobbar 100 prosent ved sidan av som tømrar. No er han lei av å høyre at hans parti er det store trugsmålet mot bøndene.

– Høgre er eit næringsparti, og jordbruk og landbruk er næringar. Eg trur Høgre evnar å ta vare på landbruksnæringa på lik linje med andre næringar, seier Sægrov.

For Høgrevinden bles også i eit av landets viktigaste Senterparti-fylke. Ved sist stortingsval hadde Senterpartiet over 25 prosent av stemmene i fylket.

Er færre mandat som skal fordelast

Høgre hadde rett over 12. Men meiningsmålingane det siste året har vist ein motsett tendens. Leiar Liv Signe Navarsete er også Senterpartiet sin førstekandidat til Stortinget. Ho vedgår at mandatet hennar er meir utsett enn ho likar.

– Sogn og Fjordane har mista eitt mandat fordi vi ikkje har sterk nok folketalsutvikling opp mot dei sterke byfylka, som då har fått nye mandat, seier Navarsete.

Sp-leder Liv Signe Navarsete

LITT UROA: Sp-leiar Liv Signe Navarsete medgir at ho søv litt dårleg for kva som skjer med Sogn og Fjordane dersom det blir blått fleirtal.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Dermed har konkurransen om mandata hardna til.

– Det gjer at dei som vil ha eit Senterparti representert i rikspolitikken med meg som førstekandidat, dei må stemme på Senterpartiet. Det blir endå viktigare denne gongen sidan det er færre mandat å fordele, seier Navarsete.

Kan fort bli diskusjonar

Valkommentator Knut Henning Grepstad har følgt vala i Sogn og Fjordane dei siste 40 åra. Han seier Sogn og Fjordane er eit svært viktig fylke for Senterpartiet.

– Det er veldig avgjerande, i og med at Navarsete er partileiar, statsråd og ein av dei mest profilerte. Det å kunne syne at ho har ein styrke og klarar å halde på posisjonen sin i heimfylket, er nok veldig viktig for hennar politiske posisjon i partiet. Det vil nok fort bli diskusjonar dersom Senterpartiet gjer eit veldig dårleg val i hennar heimfylke, seier Grepstad.

– Trur du det vil skje?

– Eg trur at dei kjem til å få eit resultat som ligg over dei 15 prosentane som vart målt sist, kanskje bortimot 20. Men det står no att å sjå. At det blir så høgt som sist, då kvar fjerde veljar røysta Senterpartiet, det har eg mine tvil om, seier Grepstad.

Går ut over nattesøvnen

Grepstad meiner det er eit Sogn og Fjordane meir likt resten av landet vi ser i meiningsmålingane.

– Vi ser truleg ei normalisering og ei tilnærming mot det som er dei nasjonale tala, i mykje større grad enn kva vi har gjort tidlegare. Men det er to unntak. Det eine er Senterpartiet si sterke stilling, det andre er at FrP er mindre i vårt fylke enn på landsplan, seier Grepstad.

Høgre sin framgang i senterpartileiaren sitt heimfylke er så sterkt at det går utover nattesøvnen til Navarsete.

– Heilt uavhengig av mitt eige mandat, og Senterpartiet sin oppslutnad, så har det hendt at eg har vakna om natta og tenkt på akkurat korleis det skal gå med landbruket, med bygdene, med å utvikle arbeidsplassar. Kva blir konsekvensane for mange av bygdene i Sogn og Fjordane? Det har ikkje eg noko godt svar på, seier Navarsete.

– Forstår ikkje veljarane sitt eige beste?

– Det trur eg dei gjer. Og så trur eg det ein seier på ei meiningsmåling er éin ting. Det er éi meiningsmåling som er viktig for meg, og det er den som folk gir frå seg 9. september, seier Navarsete.

Trur ikkje det kan bli verre

Men talet på unge bønder har falle dramatisk også medan Senterpartiet har vore i regjering. Den unge bonden i Jølster trøystar seg med at det i alle fall ikkje kan bli verre enn det er.

- Eg trur at med den utviklinga som har vore dei siste åra i landbruket, som vi også ser og føler på kroppen her i distriktet, så har vi kanskje ikkje så mykje meir å tape om vi får ei ny regjering med ein ny politikk, seier Sægrov.