Hopp til innhold

Sjå direkte: No skal NRK-sjefane svare på kritikken mot den nye Vestlandsrevyen

Følg sendinga direkte om omlegginga av Vestlandsrevyen. Vi vil gjerne ha di meining også.

No vil NRK-sjefane høyre kva du tenkjer om dei nye sendetidene.

DIREKTE I NETT-TV: – Det er veldig kjekt å sjå engasjementet, for det viser at NRK Vestlandsrevyen betyr noko for folk i Sogn og Fjordane. Det er det største komplimenten vi kan få, seier distriktsredaktør Terje Gilleshammer. Følg sendinga frå 15:05-16:00.

Vestlandsrevyen si gamle sending klokka 1845 vart frå nyttår korta ned til fire minuttar klokka 1855.

I tillegg er det to kortare sendingar seinare på kvelden, inkludert ei ny sending før Kveldsnytt. Denne omlegginga har vekt debatt.

– Til oss har ikkje vore store koken, men vi ser på sosiale medium at det er ganske stort engasjement. Debatten går over heile landet og innlegg er delt ganske mange tusen gonger. Vi ser at det vekkjer eit veldig stort engasjement, seier distriktsredaktør Terje Gilleshammer.

Difor inviterer NRK Sogn og Fjordane sjåarane til å ringe inn sine spørsmål og meiningar under ettermiddagssendinga måndag. Då vil distriktsredaktøren og regiondirektør Kai Aage Pedersen svare på spørsmål og høyre på ytringane.

Spørsmål eller meiningar kan du anten ringe inn måndag på 57 72 42 42, sende på e-post eller som ei melding på Facebook-sidene til NRK Sogn og Fjordane.

NRK la om distriktssendingane sine for å nå publikum seinare på kvelden, og for å frigjere ressursar til nett og mobil som no er den viktigaste kjelda for nyhende .

– Vi håpar sjølvsagt at folk vil like dei nye sendingane. Men endringa skal evaluerast på lik linje med alle endringane vi gjer i sendeskjemaet. Som redaktør for NRK Sogn og Fjordane er det godt og sjå engasjementet rundt sendingane våre, seier Gilleshammer.

– Så får vi heller tole å høyre den andre sida, sinnet over at vi legg om sendeskjemaet vårt, seier han.