No vil Navarsete bli lokalpolitikar

Til hausten stiller Liv Signe Navarsete (Sp) til val som lokalpolitikar i heimkommunen. Ho vil ikkje svare på om det lokale engasjementet er starten på eit farvel til rikspolitikken.

Liv Signe Navarsete på Nordagutu stasjon

PÅ VAL: Liv Signe Navarsete ønsker å bli lokalpolitikar heime i Lærdal.

Foto: Johs Apold / NRK

Den tidlegare leiaren av Senterpartiet står som nummer 16 av 23 kandidatar på lista til det lokale Senterpartiet i Lærdal ved kommunevalet til hausten. Partiet har i dag åtte representantar og ordføraren i Lærdal.

– Eg ønsker å vere endå meir i Sogn og Fjordane. Det gjeld også heimkommunen min. Det er viktig å engasjere seg lokalt for å halde fokuset der det skal vere, på folk og korleis me best kan legge til rette for dei, forklarar Navarsete til NRK.

– Er dette ein varsla retrett. Gjev du deg etter denne perioden på Stortinget?

– Eg kan love dei som måtte håpe på det, at det ikkje er grunnen. Eg vart spurt om å stille og sa ja. Kva som skjer i 2021 får me kome attende til.

– Kunne du tenkt deg ein ordførarkarriere på tampen av ditt politiske liv?

– Nei, det ligg ikkje anna i dette enn at eg har sagt ja til å stå på lista. Så er det opp til veljarane.

RIKSPOLITIKAR: Liv Signe Navarsete i samtale med Trygve Slagsvold Vedum i Stortinget.

Foto: Vidar Ruud / NPK

Ikkje uvanleg praksis

Liv Signe Navarsete har vore den mest profilerte politikaren frå Sogn og Fjordane dei siste åra. Ho nektar for at det lokale engasjementet i Lærdal viser kvar ho eigentleg har hjartet sitt.

– Alle er frå ein plass. Eg er ein utflytta sogndøl som bur i Lærdal og sjølvsagt har eg hjartet mitt på dei to stadane. Valet om å stå på lokallista er ikkje noko teikn på at eg er initiativtakar til noko, eller at det finst ein «sognemafia» slik enkelte har spekulert i.

– Eg har hjarte mitt i heile fylket og har jobba for dei fleste plassane, frå Selje til Florø, Førde og kanskje spesielt plassar om ikkje er like sentrale.

– Kva trur du om sjansane for å kapre ein plass i kommunestyret heime?

– Det har eg ikkje tenkt mykje på. Eg tek det som det kjem.

– Blir det kjedeleg for deg som er van med rikspolitikken?

– Mi erfaring frå kommunestyre og fylkesting er at det er minst like mange oppheta debattar der som på Stortinget. Og så er det mykje nærare folk. Du treff folket på gata, og du må stå for det du har vore med på.

Hjemstedet til Liv Signe Navarsete

HEIMSTADEN: Navarsete kan bli lokalpolitikar i Lærdal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Glad lokalleiar

Leiar Viktor Yttri i Lærdal Senterparti er glad for at Navarsete sa ja til å stille då dei ringde tysdag kveld.

– Dette er utruleg kjekt. Liv Signe er ein røynd politikar og eit tydeleg talerøyr for distrikta. Blir ho vald kan me dra nytte av kompetansen hennar, meiner Yttri.

Han seier det var Navarsetes eige ynskje å stå på nedre halvdel av lista.

Valforskar og professor Bernt Aardal ved Universitetet i Oslo seier det ikkje er heilt ukjent at stortingspolitikarar sit i kommunestyret på heimstaden sin.

– Carl I. Hagen (Frp) sat i Oslo bystyre samstundes som han sat på Stortinget. Den gongen vart det diskutert om det var rett. Men praksisen er framleis lovleg, seier Aardal.

Lærdal kommunestyre, publikum

INN HIT? Navarsete kan pendle frå stortingssalen i Oslo til kommunestyresalen i Lærdal.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK