NRK Meny
Normal

No vil jentene ha fleire kvinnelege leiarar

– Kvinner må tru litt meir på seg sjølve. Dei må stole på seg sjølve og prøve å få til det dei vil.

F.v. Andrea Lyng og Rikke Rundereim ved Måløy vgs.

VIL MOTIVERE UNGDOMANE I NORDFJORD: Andrea Lyng og Rikke Runderheim er blant elevane som 18. januar inviterer ungdomar i regionen til konferanse i Måløy.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det seier elevane Andrea Lyng og Rikke Runderheim ved Måløy vidaregåande skule.

Dei to jentene skulle ønskje dei hadde fleire kvinner som leiarar i bedriftene rundt seg. Nettopp det blir tema når dei i januar inviterer elevar frå dei vidaregåande skulane og ungdomsskulane i Nordfjord til næringslivskonferansen Framflyt.

Men det var ikkje enkelt å finne lokale kvinnelege leiarar som kunne snakke til ungdomane på konferansen med namnet «Sterke kvinner».

– Det har vore vanskeleg, og det tykkjer vi er veldig dumt, seier Lyng og Runderheim i arrangørgruppa.

– Kvinner klarar det same

På konferansen skal ungdomane få eit innblikk i kva type jobbar næringslivet i Nordfjord kan tilby dei.

Denne gongen er det spesielt jentene arrangørane vil gje eit spark bak.

– Det burde ikkje vere slik at kvinner føler at det er noko som stoppar dei. Kvinnene som har starta opp i nærområdet vårt er fantastisk dyktige.

Kva kvinner som skal snakke om si erfaring i leiarrolla, vil ikkje jentene ut med enno. Men dei lovar at det blir gode kvinnelege førebilete på konferansen om ein månad.

– Eit problem for heile Norge

Iveren etter å få fram fleire kvinnelege leiarar blir applaudert av Randi Paulsen Humborstad. Ho har vore leiar for vekstselskapet Nordfjord Vekst.

Randi Humborstad

VIKTIG: Randi Paulsen Humborstad trur mange kvinner ønskjer å bli leiar, men ikkje torer å ta steget ut. Ho er glad ungdomane sjølve set fokuset på utfordringa med å få fleire kvinnelege leiarar.

Foto: Øystein Torheim

– Det er få kvinnelege leiarar i Vågsøy. Vi har kvinneleg ordførar, men det er få kvinner i næringslivet og få kvinnelege leiarar i næringslivet, konstaterer ho.

Ei viktig forklaring trur ho ligg i at mykje av næringslivet i regionen er typisk mannsdominert, med mange verksemder i marine og maritime næringar.

– Vi har få statlege og offentlege arbeidsplassar i Vågsøy, arbeidsplassar som kvinner tradisjonelt søkjer seg til. Vi ser og at kvinner ofte tek høgare utdanning, der dei flyttar vekk og ikkje kjem tilbake. Det er eit problem for heile Norge.

– Kva trur du ein slik konferanse kan bidra med?

– Eg håpar den kan bidra til at jenter får meir trua på seg sjølv. Eg trur vi kvinner må bli flinkare til å ta utfordringar, stole på oss sjølve og få betre sjølvtillit.

Vil få fleire til å flytte heim att

I tillegg til å framsnakke kvinnelege leiarar, vil ungdomane bak konferansen også prøve å lokke fleire til å flytte heim att.

– Vi ønskjer at elevane skal sjå at dette er ein plass å kome tilbake til. Ein plass der dei kan få seg jobb og drive med det dei har lyst til. Det er mange unge som tenker at dei vil kome seg vekk etter vidaregåande, men vi vil vise dei at dei kan kome tilbake.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.