Hopp til innhold

No vil Hovland bruke RBK for å kome seg tilbake på landslaget

TRONDHEIM (NRK): Sogningen Even Hovland og telemarkingen Rafik Zekhnini er begge speleklare før heimekampen mot Molde komande søndag. Hovland vil bruke RBK til å spele seg inn att på landslaget.

Rafik Zekhnini og Even Hovland

BLIDE KARAR: Rafik Zekhnini og Even Hovland møtte pressa etter si første trening for Rosenborg torsdag.

Foto: NRK

Før overgangsvindauga stengde ved midnatt var det klart at Sogndal si stopparperle Even Hovland (29) i all løyndom hadde tatt turen til Trondheim for å skrive ein tre og eit halvt års-kontrakt med RBK. Ein smilande Hovland blei observert på Gardermoen før han til slutt dukka opp på RBK-brakka. I dag var han med på si første trening.

– Mine ambisjonar er å spele mest mogleg og gjere det best mogleg. Eg har eit håp om å banke på døra til landslaget igjen. Eg har hamna lenger bak i køen og det er mange som kjempar om plass der, men det er alltid ein draum om å kome seg inn igjen, seier Even Hovland til NRK.

Rafik Zekhnini kjem til Trondheim på utlån frå italienske Fiorentina, der han har fått lite speletid på førstelaget. Han blir i RBK i alle fall fram til 30. juni om han held seg skadefri.

Må ut på poengjakt

Rosenborg står med berre to poeng på dei tre første seriekampane og er dermed sju poeng bak serieleiar Molde som dei møter heime på søndag. Even Hovland er klar til å bidra til RBK si poengjakt.

– Eg har store forventningar til at vi skal kome oss oppover tabellen og gjere det best mogleg. Vi har moglegheiter ute i Europa også. Så det må jobbast knallhardt for at vi skal klatre.

Både han og Zekhnini er budde på å gje full gass i RBK-trøya og har trua på at den magre poengfangsten vil snu.

– Sesongen er lang og det er mange poeng å spele om, slår Hovland fast.

«Bruttern» har trua

Rosenborgtrenar Kåre Ingebrigtsen er godt nøgd med å få på plass Zekhnini og Hovland. Ein ny spiss og ein god midtstoppar var det laget trengde no, meiner trenaren.

– Even er erfaren herremann som har spelt 24 landskampar og som har vore på toppnivå i eliteserien med Molde. Vi får inn ein stoppar med eit forrykande potensial. No ser det bra ut for oss. Begge er klar og begge kan spele på søndag, så får vi sjå om det er det som skjer, meiner Ingebrigtsen.

Laster innhold, vennligst vent..