NRK Meny
Normal

Vart kasta ut av vindauge i bussulukke: – Eg tenkte «herregud, no må du ikkje sovne»

Varaordførar i Høyanger, Solveig Løvik Norevik, vart hardt skada i bussulukka i Ringerike. Ho vakna i ei snøhole og visste lite om kva som hadde skjedd.

Solveig Løvik Norevik

HARDT SKADA: 67 år gamle Solveig Løvik Norevik på rommet sitt på Førde Sentralsjukehus.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Bussen frå Nettbuss var på veg frå Oslo til Lærdal då den kolliderte med eit vogntog på riksveg 7 på Sokna i Ringerike. Vogntoget kom over i feil køyrebane på det glatte føret. Like etter kollisjonen køyrde eit anna vogntog inn i dei to køyretøya.

Det ante Solveig Løvik Norevik ingenting om då ho kom til seg sjølv.

– Eg vakna utanfor bussen, samanklemt nedi ei snøhole eller snøfonn. Vakna i det kaoset. Eg låg utanfor på høgre side. Det er det fyrste eg hugsar.

Ho hadde gått på bussen på Oslo bussterminal og lagt seg til å sove, for å vere utkvilt til eit møte dagen etter.

– Eg hugsar ingenting av sjølve krasjet. Eg sov. Kanskje var det lukkeleg for meg?

Kasta ut av vindauge

Politiet har konkludert med at ingen kan skuldast for den tragiske ulukka, som skjedde på Sokna i Ringerike 11. februar.

Det var ni personar i bussen. To menn og ei ung kvinne omkom. Fire personar vart sende til Ringerike sjukehus, medan Michael Eldin og Solveig Løvik Norevik vart sende til Oslo universitetssjukehus.

– Eg vart kjemperedd då eg låg der og det gjekk opp for meg kva som hadde skjedd, og eg såg alle dei forvirra folka som sprang rundt, seier Norevik.

– Hadde nokon bore deg ut?

– Nei, eg hadde nok foke ut gjennom vindauge ved sida av meg. Det er slik eg oppfattar situasjonen. Eg visste ikkje kva som hadde skjedd inne i bussen. Det var eg lukkeleg uvitande om, for å seie det slik.

Ho hadde store smerter. Då slo instinkta inn.

– Eg tenkte fyrst og fremst at «herregud, no må du ikkje sovne». Eg var veldig bevisst på å halde meg vaken, tilkalle merksemd, rope på hjelp. Eg tenkte at dette her må eg overleve. Det var vel så enkelt, seier Norevik.

Det kom ei dame og ho sa «her ligg eit menneske». Så kom fleire til og hjelpte meg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Solveig Løvik Norevik

REFLEKSJON: Mellom besøk og merksemd frå familie, vener, partifellar og tidlegare kollegaer, ligg Norevik og tenkjer politikk og helsepolitikk.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Svært alvorlege skader

Varaordføraren vart frakta med luftambulanse til sjukehuset i Oslo, og hugsar at ho var glad for det.

– Elles tenkte eg mest på at borna mine måtte få beskjed. Og eg klarte faktisk å svare heilt greitt på namn og telefonnummer, slik at dei fekk beskjed utover natta. Eg ville at mine nærmaste skulle vite kva som hadde skjedd, seier Norevik.

Ho var medviten heile vegen. Men etter det ho har skjøna var skadane livstrugande.

– Det vart sagt at mine skadar var svært alvorlege, men at når dei fekk kontroll på dei, så var dei ikkje livstrugande. Eg fekk relativt omfattande skadar. I kjevebein, rygg, hofter, bekken og kne. I det heile teke heile venstre side, seier ho.

Etter ei veke i hovudstaden har ho no lege den siste veka på Førde sentralsjukehus.

– Ifølgje legar og fysioterapeutar og sjukepleiarar går det framover, og det tykkjer eg sjølv også. Heldigvis, eg tykkjer det går framover og kjem meg kanskje litt betre for kvar dag.

Norevik har framleis smerter, men får dei smertestillande ho treng. Ho har berre godord om behandlinga, og er allereie oppe og går med preikestol. Legane seier ho kan belaste venstresida fullt frå byrjinga av april.

Er redd for å verte redd

Ho har sterk medkjensle med familiane til dei omkomne, og seier at marginane er svært små.

– Det kunne like godt vore meg. Det får meg til å sjå livet i eit litt anna perspektiv. For marginane er veldig små her.

Ho vil alltid hugse ulukka, men håpar å kunne leve med det.

– Eg kjem ikkje til å gløyme, det er heilt sikkert. Men eg håpar ikkje at det skal prege meg i den forstand at eg går rundt og er redd for ting. Eg er i grunn ikkje typen til det. Men det er klart, det set jo ein del tankar i sving.

Men akkurat no gler ho seg berre over at skadane ikkje var større.

– Eg er berre veldig glad for at eg er såpass i stand til både å tenkje og snakke som eg er. Og så tenkjer eg at den rehabiliteringsfasen eg har framføre meg må eg nytte godt og gjere det beste ut av.

(Artikkelen held fram under biletet)

Blomster

LANG REHABILITERING: Godt med besøk og merksemd i den lange rehabiliteringsfasen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Vil tilbake til politikken

Den tidlegare hjelpepleiaren og fylkesleiaren i Fagforbundet gjennom 10 år pensjonerte seg for eitt år sidan. Men ulukka har ikkje endra varaordføraren sine målsettingar for pensjonisttilveret.

– Eg har lyst å vere aktiv, slik eg var før dette skjedde. Då var eg fullt oppegåande og gjorde det eg ville. Eg hadde ingen avgrensingar.

– Og politikken, kva tenkjer du om den?

– Ja, den skal eg drive med for fullt no, berre eg kjem på beina att. Eg tenkjer mykje politikk her eg ligg, spesielt på helsestell og den biten.

– Kva tenkjer du?

– Eg fekk den beste hjelpa eg kunne få, både den fatale ulukkesnatta og vidare her i Førde. Det er ikkje alle land som har det slik. Og det må vi ta vare på. Så eg trur, sjølv om det er ting som kan gjerast betre, at vi har eit godt helsesystem her i landet.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå