Hopp til innhold

Ho ber kommunane tenkje meir på dei eldre

Kven skal kommunane bruke ressursar på i åra framover? Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det no må vere dei eldre sin tur.

Anne Karin Hamre

MÅ VRI FOKUS: Fylkesmann Anne Karin Hamre ber kommunane i Sogn og Fjordane om å vri meir fokus over på dei eldre innbyggjarane i åra framover.

Foto: Christian Blom

– Eg ser at det er fleire kommunar i fylket som ikkje heilt har teke innover seg at det blir fleire eldre. Det handlar kanskje mest om å behalde grendeskular med eit minkande elevtal. Men kommunane må etter kvart vri merksemda si over på at det blir fleire eldre, seier Hamre.

Bygdefolk og politikarar som står på barrikadane for grendeskular og idrettshallar er det sjeldan lenge mellom i mediebiletet. Men det går lenger mellom overskriftene om store investeringar i eldreomsorga.

Det trass i at det i årevis har blitt snakka om at Norge får ei stadig eldre befolkning.

I si oppsummering av 2017 rosa fylkesmannen i Sogn og Fjordane kommunane for arbeidet som er lagt ned for å få på plass blant anna beredskapsvakter i barnevernet. Når ho peikar framover er det befolkninga i den andre enden av skalaen ho meiner kommunane må rette si merksemd mot.

– Kommunane må få på plass ein heilt annan kompetanse for å møte utviklinga med fleire eldre. Det vil også påverke økonomien til kommunane, seier Hamre.

– Det blir fleire som treng meir omsorg

Rett før jul fortalde NRK om eldre i Florø som må bu på tremannsrom på sjukeheimen. Liknande problemstillingar kan det bli fleire av når talet på eldre innbyggjarar aukar kraftig.

Per Oddvar Kjelstad, leiar i pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane

BALANSE: Per Oddvar Kjelstad i Pensjonistforbundet håpar kommunepolitikarane får til ein balanse der dei ikkje prioriterer vekk dei unge for å vere rusta for å ta vare på fleire eldre.

Foto: Borghild Andersdotter Vevle / NRK

Hamre meiner kommunepolitikarane må ta grep slik at dei er rusta til å vare på ei eldre befolkning. I Pensjonistforbundet i Sogn og Fjordane er dei glade for at fylkesmannen set fokus på utfordringane.

– Den kanskje vanskelegaste oppgåva er å vere rusta for å ta vare på dei eldste eldre, dei som krev meir omsorg, seier fylkesleiar Per Oddvar Kjelstad.

Han peikar på behovet for å byggje ut fleire omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Samtidig må kommunane rigge seg slik at dei mange som vil bu heime så lenge som råd, får moglegheita til det.

– Dess betre kommunane klarar å førebu seg og setje planane i verk, dess mindre blir det av akutte problem der kommunane til dømes plutseleg manglar nok sjukeheimsplassar.

– Vi tek dette på alvor

Leidulf Gloppestad

ER KJENT MED UTFORDRINGANE: Ordførar i Gloppen, Leidulf Gloppestad, er også nestleiar i KS i Sogn og Fjordane. Han opplever at kommunane er kjente med utfordringane, og tek dei på alvor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Også nestleiar Leidulf Gloppestad i KS Sogn og Fjordane rosar fylkesmannen for å ta opp problemstillinga med fleire eldre innbyggjarar.

– Kommunane riggar seg for i best mogleg grad å ha nok omsorgsbustader, men også for å kunne ta i bruk omsorgsteknologien som gjer at eldre kan bu heime lenger.

– Eg opplever at kommunane tek dette på alvor, legg Gloppestad til og understrekar at det for kommunane ikkje handlar om å prioritere eldre framfor unge, eller omvendt.