Hopp til innhold

No vil han seie «ja»

Naustdal-ordførar Håkon Myrvang er i ferd med å snu i synet på kommunesamanslåing. Ap-ordføraren har vore skeptisk til å slå seg saman i ein stor sunnfjordkommune. Men om Florø og Førde seier ja til kvarandre, er det ikkje tvil om kva Naustdal må gjere, seier han no til Firdaposten. Myrvang viser til arbeidet med ei regionreform, og seier det blir svært viktig at fylket har ein sterk motor om Sogn og Fjordane blir del av ein eventuell vestlandsregion, der Bergen og Stavanger står sterkt.

Håkon Myrvang
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK