Hopp til innhold

No vil han leve av YouTube-videoar

Det heile begynte med at han starta å synge i kor. No får Jonas Nyløy Navarsete (23) lovord frå heile verda.

Jonas Navarsete

SONGTALENT: Etter at Jonas Nyløy Navarsete (22) begynte å leggje ut videoar av stemma hans sett saman til eit kor av ulike tonar, har han fått mange gode tilbakemeldingar frå heile verda.

Foto: Privat

I vår starta sogndølen med sin nye hobby, nemleg a capella-musikk, der mange stemmer vert sett saman til eit kor. Men i Navarsete sitt kor finst det berre ei stemme, nemleg hans eiga. Det har blitt populært på videonettstaden Youtube, og på sikt håpar sogndølen at dette kan bli ein leveveg.

I midten av mars la han ut ein av sine første videoar. Der brukte han 50 timar på å ta opp 45 lydspor av si eiga stemme. Vel to månader seinare har 27.000 likt videoen, og tilbakemeldingane er overveldande.

– Folk er veldig overvelda og seier eg er kjempeflink. Det er veldig fint å få slike tilbakemeldingar, sjølv om det er lett å distansere det når det skjer i eit kommentarfelt på internett, men det er kjekt å bli sett pris på når ein har lagt ned mykje arbeid i noko, fortel Navarsete.

Har fått heimestudio

Det heile begynte då sogndølen starta i kor i fjor haust, og begynte å synge mykje for seg sjølv.

– Då ville eg prøve å lage kor åleine, og sidan har det utvikla seg. Eg såg at andre dreiv med det same på Youtube, og då trakk eg inspirasjon derifrå, fortel han.

(Artikkelen held fram under videoen)

No har det blitt seks videoar, og neste veke byrjar han på ei ny ei. Fredag fekk han mykje nytt utstyr i posten og er klar for å kome i gang med sitt nyoppstarta enkeltmannsføretak i form av eit heimestudio.

– I utgangspunktet vert det ikkje så veldig store greier. Det vert lydkort, litt instrument og ein del mikrofonar så eg kan spele inn alt a capella-greiene til meg sjølv med ganske høg kvalitet. Og dersom andre små grupper vil spele inn songane sine kan eg hjelpe med det, og eventuelt lage videoar, seier Navarsete.

Vil leve av hobbyen

Jonas Navarsete

AMBISIØS: Navarsete har eit håp om å gjere hobbyen om til ein leveveg, sjølv om han veit godt at vegen dit er lang og tøff.

Foto: Privat

På sikt håpar talentet at han vil kunne leve av hobbyen sin.

– Det er ein lang veg dit, men moglegheitene er at når ein får mykje treff på Youtube kan ein ha reklame på videoane så lenge ein har rettar på songane ein legg ut. Om treffa tek seg opp, så kan det vere nok til å leve av. Førebels er det ikkje i nærleiken av det, men når først nokon ser på det startar andre å sjå på det også, fortel 23-åringen.

I tillegg til mange treff og gode tilbakemeldingar har Navarsete fått digital platekontrakt slik at han sel songane på iTunes også. Det går an å søke i ulike selskap om å få det, men ifølgje Navarsete er ikkje alle avtalar like bra.

– Eg vart kontakta av ein som distribuerer a capella-videoar på You-Tube, og han ville gjere det same med meg. Det syntest eg var kult. Det var første gong eg møtte respekt frå nokon som har greie på det, fortel han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjonglerer hobby og skule

Sjølv om han innser at det er ein tøff bransje med stor konkurranse har han likevel eit håp om at draumen kan bli oppfylt.

– Eg har leika med tanken heile vegen, men eg har aldri heilt sett føre meg at det var moglegheit. No har eg fått mykje meir utstyr og i sommar har eg betre tid til å produsere mykje. Så eg må eigentleg berre sjå kva som skjer og ha det som ein hobby inntil vidare.

Men Navarsete har også mykje anna på plakaten. Til hausten skal han byrje på ein master i idrettsvitskap.

– Så dette er ein hobby eg ikkje må bruke altfor mykje tid på. Det er litt vanskeleg å la vere, men det skal nok gå bra. Eg skal bruke sommaren godt til å lage meir musikk og promotere det gjennom alle medium eg kan, og så jobbe litt etter litt med det utover hausten og våren. Det tek lang tid å la ein kanal på Youtube vekse, og som regel lang tid før ein video byrjar å få sjåarar.

Heimestudieoet til Jonas Navarsete

FØRETAK: Heime i Sogndal har Navarsete kjøpt mykje nytt utstyr slik at han også kan stå til teneste for andre som vil spele inn musikk.

Foto: Privat