Hopp til innhold

Han vil ikkje vere «sheriff» for Sogn og Fjordane

Politiet sin øvste leiar her i fylket blir ikkje mangeårig lensmann i Førde, Jan Egil Tvinde.

Lensmann Jan Egil Tvinde

TRIVAST: Jan Egil Tvinde har i volleyballsamanheng fått kallenamnet «sheriffen» etter mange år som lensmann i Førde. Men noko «sheriff» over Sogn og Fjordane har han førebels ingen planer om å bli. – Eg har verdas beste jobb, seier han.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Tvinde, som siste året har vore praksisansvarleg for politistudentane i fylket, har sagt opp stillinga som lensmann i Førde.

Stillinga er no ei av 72 utlyste stillingar i politiet. Søknadsfristen er 18. mai.

– Eg har ein jobb eg er veldig nøgd med i dag. Etter åtte år i lensmannsjobben, så var det veldig kjekt å gjere noko anna, seier han.

Omleggingar

Nyleg vart det kjent at Vest politidistrikt flyttar hovudsetet for politiet i Sogn og Fjordane frå Florø til Førde. Det betyr at einingsleiaren for Sunnfjord også blir politiet sin øvste sjef i Sogn og Fjordane .

Då Tvinde søkte permisjon i eitt år for å bli praksisansvarleg i Sogn og Fjordane, vedgjekk han at det følgde mykje ansvar med å vere både lensmann i Førde og regionlensmann i Sunnfjord.

– Det er klart at den jobben som er lyst ut no, er endå meir utfordrande enn å vere driftsleiar i Sunnfjord. No skal du leie heile Sogn og Fjordane, seier han.

– Spennande, men ...

– Eg er heilt med på at det er ein spennande jobb, men førebels har eg ikkje lyst på den jobben, legg Tvinde til.

– Kvifor ikkje det?

– Fordi eg har verdas beste jobb. Eg jobbar med politistudentane på andre året som er her i Sogn og Fjordane. Det er unge, framstormande politifolk som vil lære mest mogleg. Det er utruleg kjekt å jobbe med.

– Rett veg å gå

Sidan vikjen tok pause frå lensmannsstolen er 11 lensmannskontor lagde ned i Sogn og Fjordane . Regionlensmannsstillingane blir plasserte der dei er i dag, medan, som sagt, sjefen for politiet i Sogn og Fjordane blir plassert i Førde og ikkje Florø.

Heller ikkje Dag Fiske, som i dag fungerer i Tvinde sitt fråvær, ser føre seg å halde fram i lensmannsstolen i Førde.

– Eg meiner det er ei god organisering. Vi har hatt for mange lokasjonar i lang tid, og at ein no får færre men slagkraftige kontor og meir politi ut i politibilen trur eg er rett veg å gå, seier Tvinde.