Hopp til innhold

Johannes tok NM-gull igjen - og no har han fått los på skikkeleg «sølvtøy»

VOSS (NRK.no): Johannes Thingnes Bø tok sitt andre gull på tre dagar under NM på Voss. No lovar han skiskyttarkongane knallhard kamp om kongepokalen.

Johannes Thingnes Bø på veg mot NM-gull

VANN SPRINTEN UNDER NM: Johannes Thingnes Bø gjekk inn til siger på 10 km under NM på Voss.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ja, eg har lyst på kongepokalen, seier Johannes Thingnes Bø med eit stort glis.

Han er omringa av presse og autografjegerar på skistadion på Voss. To gull på tre dagar betyr at han er NM-konge og midtpunkt.

Kan få tøffare konkurranse laurdag

Thingnes Bø har hatt eit skikkeleg gjennombrot denne sesongen, mellom anna med fem sigrar i verdscupen. No er det éin ting som kan toppe sesongen: Den gjeve kongepokalen.

Der kan han få konkurranse frå Tarjei Bø, Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen - om dei stiller til start.

– Kva tenkjer du om sjansane dine?

– Det er hard konkurranse. Eg får prøve å skyte fullt og sjå kor langt det rekk, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Johannes Thingnes Bø var overlegen og vant dagens skiskyting sprint med hele 37,5 sekunder.

Eitt av dei beste løpa i vinter

Thingnes Bø var i ein klasse for seg på NM-sprinten. På andreplass kom Erlend Bjøntegaard – 37,5 sekund bak stryningen. Kristoffer Skjelvik tok bronsen 44 sekund bak.

– Skytinga var rett og slett suveren, seier ekspertkommentator Ola Lunde.

– Ja, det var bra. Ein bra sprint, konstaterer Thingnes Bø.

– Kor bra løp var dette samanlikna med andre løp du har gjort?

– Heile pakka var bra. Formen er ikkje like bra som før i vinter. Men hadde eg vore i den formen no, så hadde det vore mitt aller beste løp. Det var veldig bra skyting, og eg trøkte på heile heile vegen. Eit kjempeløp.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø vant overlegent under dagens skiskyting sprint, og var naturligvis fornøyd med resultatet.

Eit stykke ned til andre løparar

Det var før NM-sprinten knytt håp til Håvard Gutubø Bogetveit, som onsdag blanda seg inn heilt i toppen på normaldistansen. Fredag vart det derimot stang ut. Førde-løparen enda på 20. plass.

– Det er langt unna det eg er nøgd med, seier han og held fram:

– Eg kjende allereie tysdag at halsen var sår, men eg valde å gå på onsdag - sjølv om eg kjende at det var verre. Så vart det verre torsdag og i dag. No er eg redusert og ikkje klar for skirenn.

Jarle Midthjell Gjørven enda på 17. plass med éin bom på den ståande skytinga. Asbjørn Wold frå Vik vart nummer 28 med totalt tre bom.