Hopp til innhold

No vil han etablere barnedomstol i fylket

Domstolsleiar Terje Mowatt meiner Sogn og Fjordane tingrett har det som skal til for å bli ein regional barnedomstol.

Sorenskrivar Terje Mowatt

DOMSTOLSLEIAR: Med Sogn og Fjordane tingrett slått saman til eitt, meiner Terje Mowatt at dei er store nok til å ta over barnesaker frå fylkesnemnda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nyleg slo Sogn tingrett og Fjordane tingrett seg saman, og alle kommunane i fylket, unntatt Gulen, er no under same tingretten.

Mowatt håpar meiner med det at tingretten både har kompetanse og storleik til å ta saker etter barneloven og barnevernssaker.

– No er vi store nok til å handtere dei sakene her. Det kan bety at ein får ein del ressursar heim til fylket, seier domstolsleiar Terje Mowatt.

I dag er det fylkesnemnda for Hordaland og Sogn og Fjordane som avgjer barnevernssaker og saker som går på barnelova.

Barne- og likestillingsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet utnemnde i mai 2015 eit særdomsutval som skulle sjå på ei slik endring. 9. mars i år leverte dei framlegget om å flytte behandlinga av barne- og familiesaker til domstolane.

– Eg er glad for at utvalet legg vekt på at dei som handsamar desse sakene skal ha brei erfaring og høyre til sterke fagmiljø, og at dei legg vekt på sjølvstende og tillit. Det er viktig at barns og foreldres rettstryggleik blir godt vareteke, sa barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) då.

Det vil berre vere dei største domstolane som får vere ein slik særdomstol.

– Det er også kome framlegg om at fylkesnemndene ikkje lenger skal treffe vedtak når det gjelder omsorgsovertakingar, men at dei sakene skal ligge i dei ordinære domstolane, seier Mowatt.

Når noko slikt eventuelt blir avgjort, er førebels uvisst.

– Det er politisk spørsmål korleis det blir til slutt, men vi trur og håpar at det er slik det blir, seier han.