Hopp til innhold

No vil denne gladguten skåra 15 mål i eliteserien

LA MANGA (NRK): I dag sørga Gilbert Koomson for to mål og siger for Sogndal. No lovar han å skåre 15 mål i eliteserien.

Gilbert Koomson på La Manga

EIN GLAD GUT: Gilbert Koomson var særs nøgd etter kampen mot Sandefjord.

Foto: Kjell Joran Hansen / NRK

Sogndal - Sandefjord 3-0, treningskamp, La Manga

Den smilande ghanesaren var overlukkeleg etter to mål og siger mot 1. divisjonslaget Sandefjord, og han forsikra ettertrykkeleg at han satsar på å skyte dei andre laga i senk når Eliteserien startar.

– Eg er veldig optimistisk og eg gledar meg masse til sesongstart. Eg tenkjer at eg kjem til å skåre minst 15 mål. Men eg har lova både fansen, medspelarane mine og leiinga at eg skal jobbe hardt, seier Koomson til NRK.

Den alltid nøkterne trenaren Eirik Bakke småhumrar litt over Koomson sine lovnader, og minner om at nyleg tilbakevende afrikanaren først må sikre seg plass på førstelaget.

– Gilbert er ein offensiv gut som eg trur vi kjem til å sjå meir av. Han er ein gladgut er fantastisk i gruppa. Eg er glad for at vi henta han, seier Bakke.

Gilbert Koomson var på utlån i Sogndal eit halvår i 2013, men då blei det for dyrt å hente han. Så blei han løyst frå kontrakten med thailandske Tero Sasana, og Bakke henta han raskt tilbake til Sogn.

– Han er ein spelar med godt potensiale og har god fart og målteft. Om vi klarer å få han inn i vårt spel, så trur eg han kan bli ein veldig god spelar både for Sogndal og seinare andre stader, slår Bakke fast.