NRK Meny
Normal

No vil dei registrere alle hjartestartarane i landet

Ingen veit i dag kor mange hjartestartar som finst i Norge. Difor er det no sett i gang eit nasjonalt prosjekt for å finne ut kor mange, og ikkje minst kvar hjartestartarane er.

Skal registrere hjartestartarar

HJARTEVENER: Siw Lilly Osmundsen (nr. 2 frå venstre) og Marita Aarvik (i midten) er med i gruppa som skal registrere hjartestararar.

Foto: Privat

– Dersom nokon får hjartestans så er sjansen utruleg mykje større for å overleve dersom det er ein hjartestartar i nærleiken, seier Marita Aarvik som fylkesleiar i Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke LHL.

Gjennom åra er det selt mellom 30 000 og 60 000 hjartestartarar i Norge, men ingen har oversikt over kvar dei er. I det nystarta Hjartestartarregisteret har dei så langt berre oversikt over 3800 hjartestartarar på landsplan.

– I mange år har det vore selt massevis av hjartestartararar, men ingen veit kvar dei er, seier Siw Lilly Osmundsen, som er prosjektleiar for Nasjonal kompetanseteneste for prehospital akuttmedisin, NAKOS, ved Oslo Universitetssjukehus.

Det er NAKOS som har ansvaret for drifta av Hjartestartarregisteret.

Opplæring

I Sogn og Fjordane er fylkesleiaren i LHL engasjert i den nasjonale dugnaden for å registrere hjartestartarar. Ho er oppteken av at dei ikkje berre skal registrere hjartestartarane, men at folk også skal få opplæring bruk av hjartestartar.

– Like viktig som ha hjartestartar er å vite korleis ein skal bruke den, for ein hjartestartar åleine reddar ingen, seier Aarvik.

I dag kan mange litt førstehjelp, og sjølv om det etter kvart og er mange hjartestartarar rundt om i landet, så syner seg at mange er kvir seg for å ta kurs i bruken av dei.

– Dei føle på at det å kunne noko det føre til ei forplikting, men eg vil seie at som medmenneske så pliktar vi å gjere det vi kan for våre medmenneske, seier Aarvik.

Finn din hjartestartar

Etter kvar som hjartestartarane no vert registrert, vert dei fortløpande lagt søkbare i eit kart på 113.no.

– Nå ein då kjem opp i ein situasjon der ein har mistanke om hjartestans, kan ein og ringe 113, og då kan dei opplyse om kvar næraste hjartestartar er, seier Osmundsen.

Ho er nøgd med at dei har fått registrert 3800 hjartestartarar sidan oppstarten i april i år.

– Men vi vil gjerne få melding om fleire, seier Osmundsen.

I den nasjonale dugnaden har dei og ei haldningskampanje som går på at dei verste du kan gjere er å ikkje gjere noko. Osmundsen seier at hjartestartarane er lette å bruke.

– Ein å må berre gjere så godt ein kan. Gå på kurs og lære hjarte- og lungeredning. Dessutan er hjartestartarane veldig sjølvforklarande slik at ein ikkje får gjort så mykje feil. Det viktigaste er at ein torer å byrje hjarte- og lungeredning, seier Osmundsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.