Hopp til innhold

No vil dei jakte OL-medaljar

Ingenting klaffa for Johannes Thingnes Bø i avslutningsrennet. Tarjei Bø må sjå tilbake på nok ein sesong prega av sjukdom. No er motivasjonen på topp før neste sesong.

Johannes og Tarjei Bø etter gull til Johannes i Holmenkollen.

MOTIVERTE: Trass veldig ulike sesongar ser både Tarjei og Johannes Bø tilbake på ein vellukka sesong.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det har vore ein knallsesong. Eg syns eg har blitt ein betre skiskyttar og teke mange steg i riktig retning. Eg avsluttar på tredjeplass i verdscupen totalt og tok tre sølv under VM. Det har vore ein veldig bra sesong, seier Johannes Thingnes Bø.

Det avsluttande rennet i Holmenkollen søndag karakteriserer han på si side som det dårlegaste nokon sinne. Med to bom på første skyting gjekk lufta litt ut av ballongen og stryningen som tok gull under sprinten fredag og tredjeplass på jaktstarten, gjekk til slutt i mål på 29.-plass med fire bom.

Storebror Tarjei Bø gjekk i mål som nummer tolv og vart nest best av dei norske. Trass i ein sesongen der han har delteke i få renn grunna sjukdom, så er han ikkje heilt nøgd med sesongavslutninga.

Johannes Thingnes Bø

GULL: – No kan eg angre på at eg ikkje fører treningsdagbok, seier Tarjei Bø. Han må finne tilbake til kanonformen i skisporet om han skal klare å hamle opp med Martin Fourcade neste sesong. Fredag gjekk han inn til gull i Holmenkollen.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Eg hadde håpt å kjempe i toppen, men eg bomma frå starten. Eg gjekk ei god sisterunde, seier han til NRK etter målgang.

OL er neste store mål

For Tarjei Bø har ikkje sesongen blitt slik han håpte på. Trøbbel med luftvegane gjorde at han måtte stå over sesongopninga i november og først i februar gjekk han sitt første renn for sesongen. VM-plass kapra han med eit nødskrik. Likevel er han nøgd med prestasjonane.

– Eg har nesten vore topp 15 i alle løpa, så stabiliteten har vore der. Eg kan ikkje forventa å slå dei beste i løypa med nærast null treningsgrunnlag.

No ser dei begge fram mot OL i Pyeong Chang neste år. Denne sesongen har Johannes Thingnes Bø terpa på skytehastigheit og treffsikkerheit. Han er trygg på at det vil gje utteljing framover.

– No kan eg endeleg kalle meg ein bra skiskyttar. Eg har hatt mange jamne resultat. At eg har fått på plass skytinga betyr meir enn at eg langt bak i sporet, seier han og siktar til han denne sesongen ikkje har klart å halde følgje med skiskytarkongen Martin Fourcade på same måte som tidlegare sesongar.

Også Tarjei ser fram mot å måle krefter mot motstandarane i OL.

– Det er godt for sjela og hjartet å vere tilbake. Eg har noko uoppgjort i OL, for der har eg ikkje vore så god før, så eg er toppmotivert.