NRK Meny
Normal

No vil dei vite svart på kvitt når denne kjem

Halvanna år etter at sogningane samla inn 10 millionar kroner til ei MR-maskin på Lærdal sjukehus, er ordførarane i Sogn byrja å bli svært utolmodige. Frykta er at eit stramt budsjett gjer at planane blir skubba endå lenger fram i tid.

Ny MR-avdeling på Haukeland

VIL HA EI SLIK I LÆRDAL, OG DET FORT: Det er ei slik maskin sogningane har ønskt å få på plass ved Lærdal sjukehus. Først neste haust er planen at den skal vere på plass.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Vi veit at det ikkje berre er å kjøpe maskina og plassere den i eit ledig kott, men at det må gjerast bygningsmessige endringar. Men når vi også kjenner til dei økonomiske utfordringane til Helse Førde, så er vi uroa, seier leiar i Sogn regionråd, Petter Sortland.

Han og ordførarkollegaene i Sogn har på ny sendt brev til Helse Førde.

Dei meiner det er lenge å vente til neste haust, og vil helst ha MR-maskina ved Lærdal sjukehus på plass før den tid.

Samla inn pengar til maskina sjølv

Ei MR-maskin viser bilete av det indre i kroppen. I dag er det MR-maskiner ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus i Helse Førde. Då Helse Førde ikkje hadde ei slik maskin ved Lærdal sjukehus i eigne investeringsplanar, tok folk i Sogn saka i eigne hender.

På fire månader samla kommunane, næringslivet, lag og organisasjonar og privatpersonar inn ti millionar kroner for å få ei maskin på plass.

I avtalen mellom Lærdal kommune, på vegner av gjevarane, og Helse Førde vart det lagt til grunn at maskina skulle vere ferdig installert ved månadsskiftet 2017/2018.

Purrar på Helse Førde igjen

Allereie tidleg i år vart det klart at dette kom ikkje til å gå. Ordførarane i Sogn byrja då å purre på helseføretaket. Ifølgje Porten.no svara Helse Førde den gongen at maskina skal stå klar til bruk, i eit nybygg ved sjukehuset, september 2018.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger

UTOLMODIG: Leiar i Sogn regionråd, Petter Sortland, seier ordførarane i Sogn stadig blir kontakta av utolmodige pasientar som anten står i kø for å ta MR andre stader, eller må reise langt for å ta MR. – Dette er eit vinn-vinn-prosjekt for alle i fylket, seier han.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

No purrar sogneordførarane på igjen. Denne gong tett oppunder styremøtet i Helse Førde neste veke. Tidlegare i haust har det kome fram at den økonomiske situasjonen i helseføretaket igjen er vanskeleg.

– Vi håpar Helse Førde ikkje slepp dette prosjektet, men at dei har det så langt framme i skallen som sogningane fortener. No må dei få spikra desse investeringane i budsjettet sitt, er kravet frå Sortland.

Innsamla midlar for MR var på plass sommaren 2016. Sogn regionråd er oppteken av at utbygginga vert sett i gang utan ytterlegare forseinkingar. Sogn regionråd forventar at Helse Førde vedtek investeringa for MR ved Lærdal sjukehus i budsjettmøte i desember 2017.

Petter Sortland, leiar i Sogn regionråd

Glad for at ordførarane pressar på

Rolf Jerving var prosjektleiar for innsamlingsaksjonen som vart gjennomført av Lærdal Næringsutvikling. Han er glad for at sogneordførarane held oppe presset.

Jerving viser til at Helse Førde har lyst ut byggjearbeidet gjennom Doffin, som er den nasjonale databasen for offentlege innkjøp. Ifølgje anbodet skal bygginga av nybygget, der MR-maskina skal stå, starte i februar og avsluttast august neste år.

Jerving vel å tru at Helse Førde held fast på planane, men meiner det er viktig at Sogn regionråd held trykket oppe før budsjettmøtet i Helse Førde.

Det møtet er 15. desember. Allereie fredag legg konstituert administrerande direktør Børge Tvedt fram si innstilling. Kva den seier om planane rundt MR-maskina og tilbygget ved Lærdal sjukehus vil han ikkje ut med.

– Eg er kjent med brevet, men vil ikkje kommentere saka no, seier Tvedt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.