Hopp til innhold

No vil dei fly nordover frå Florø

Flyselskapet DAT er godt nøgde med responsen etter å ha utvida tilbodet mellom Florø og Stavanger. No vurderer dei å sette opp nye ruter frå kystbyen.

Jesper Rungholm

SIKTAR NORDOVER: Direktør i DAT, Jesper Rungholm, opnar for flyrute nordover frå Florø.

Foto: Pressefoto, Danish Air Transport

Direktør Jesper Rungholm seier responsen har vore god sidan dei i slutten av august la til ei flyging tur/retur kvar onsdag og torsdag mellom oljebyane Florø og Stavanger.

– Til no tykkjer vi responsen har vore veldig positiv. Vi har sett sterk vekst i tal passasjerar om bord, seier han.

– Må fly meir

Om trenden peikar i rett retning, seier Rungholm det likevel er for tidleg å seie om dette blir ei permanent utviding.

Widerøe tok 1. april over flygingane til Oslo og Bergen, men det danske selskapet har likevel halde fram med flyrutene sørover.

– Vi skal nok fly nokre veker til før vi avgjer om dette blir permanent eller ei, seier han og fortel at ruta mellom Florø og Stavanger blir brukt både av næringslivet og studentar som reiser langs kysten.

Siktar nordover

Bengt Solheim Olsen

ORDFØRAR: Begnt Solheim-Olsen vil gjerne ha flyrute til Kristiansund.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Om suksessen for flyruta sørover blir vedvarande, opnar også Rungholm for at det kan bli flygingar nordover frå Florø.

Det har lenge vore ynskje i kystbyen om at flyrute til ein annan oljeby , Kristiansund, kan bli den neste positive utviklinga.

– Det er samtalar på gang, men det vil neppe skje noko i næraste framtid. I alle moglegheiter vi får, så spelar vi inn det ynsket, sa ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) til NRK.no i januar.

Nemner ikkje namn

Dette kan no bli ein realitet, sjølv om Rungholm førebels ikkje vil seie noko om kva flyplass DAT siktar seg inn på nord for Florø.

Inntil vidare ligg alt fokus på å få etablert Florø–Stavanger som ei rute selskapet tener pengar på.

– Men eg har nett vore i møte med ei anna Avinor-lufthamn som har ynskje om at vi skal fly nordover frå Florø, så det er mogleg at ruta kan halde fram frå Stavanger via Florø og så vidare nordover, seier han.