Hopp til innhold

Har kjempa i over ti år for å få skiljeveggar i dusjen

ASKVOLL (NRK): I over 10 år har ungdomsskuleelvane i Askvoll kjempa for å få skiljeveggar i garderoben, fordi dei kvir seg for å dusje etter gymtimane. – Det tek for lang tid før elevar blir høyrde, meiner Elevorganisasjonen.

Elevrådet på Askvoll skule, januar 2018

ENGASJERTE: Elevrådet ved Askvoll skule består av Sofie Krumsvik, Rebekka Høyvik, Matias Ask Fonn, Rym Benabdelali (elevrådsleiar) og Malene Ask Svellingen. Dei har jobba hardt for å få skiljeveggar i gymgarderobane.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– I klassa vår er det stort sett berre ein person som dusjar etter gymtimane.

Sofie Krumsvik

VIL DUSJE: 10.-klassing Sofie Krumsvik seier at ho kjem til å begynne å dusje etter gymtimane når det kjem skiljeveggar i garderobane.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Det seier Sofie Krumsvik som sit i elevrådet på Askvoll skule.

Allereie før ho hadde sin første skuledag, for snart ti år sidan, hadde elevrådet på skulen spurt om å få skiljeveggar i dusjgarderobane. No, om lag 11 år etter at elevrådet ved skulen for første gong bad om tiltak, er det omsider bestilt skiljeveggar.

Veggane skal gjere det lettare for elevane å takle det dei opplever som kroppspress i gymgarderoben.

– Det betyr mykje. Eg trur at det vil bli eit sunnare og meir behageleg miljø i gymtimane når vi får skiljeveggar, seier Krumsvik.

Rett til å bli høyrde

– Elevar har rett til å kunne påverke undervisninga og sin eigen skulekvardag. Det skulle berre mangle at dei blir høyrde, seier leiar i Elevorganisasjonen Rahman Chaudhry.

Rahman Chaudhry, Elevorganisasjonen

SYND: Leiar i Elevorganisasjonen Rahman Chaudhry, seier at elevar har rett til å bli høyrde og synest det er synd når det tar lang tid før det skjer.

Foto: Edin Babic

Han meiner det har tatt alt for lang tid før elevane i Askvoll har vorte høyrde.

– Eg synest det er synd at det har vore så vanskeleg å få til noko som er så lett å få gjort. Spesielt når elevane har gitt klar beskjed, seier Chaudhry.

Lang prosess

For ti år sidan var storesøstera til Sofie, Emilie Kristine Krumsvik, elevrådsleiar. Ho hugsar at dei hadde saka oppe den gongen.

– Eg hugsar ikkje i detalj kva vi gjorde, men eg veit at dette var ei sak som vi prøvde å få gjort noko med, seier den tidlegare elevrådsleiaren.

Ho skulle ønskje at elevrådet hadde blitt høyrt før.

– Det skal jo helst ikkje ta så lang tid som dette, seier Emilie Kristine Krumsvik.

Dusjane i jentegarderoben på Askvoll skule

INNSYN: Slik ser det ut inne i jentegarderoben på Askvoll skule. No er det bestilt skiljeveggar og forheng framfor inngangen til dusjane.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Flau smak

– Det at vi ikkje har klart å få dette til før gir oss ein litt flau ettersmak, seier konstituert rektor ved Askvoll skule, Frank Ask.

Konstituert rektor ved Askvoll skule, Frank Ask

FLAU: Konstituert rektor ved Askvoll skule, Frank Ask, er einig i at det har tatt for lang tid før elevane sitt ønskje om skiljeveggar har blitt høyrt.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Han er nøgd med at det no skal bli skiljeveggar mellom dusjane og forheng framfor inngangen til dusjane, og fortel at den lange ventetida handlar om prioriteringar.

– Det har tidlegare vore sjekka ut kva det vil koste med skiljeveggar. Så har vi enda med å ikkje prioritere det sjølv om det har vore eit ønskje frå elevane, seier Ask.

Ikkje ei enkel løysing

Rahman Chaudhry i Elevorganisasjonen trur ikkje det er lurt å lage ein fast regel på at ein skal ha skiljeveggar i dusjgarderobane på alle skular.

– Kroppspress blant unge er eit så stort problem at det dessverre ikkje vert løyst ved å setje inn skiljeveggar. Det kan vere ei hjelp somme stadar, og derfor meiner eg at skular bør kunne bestemme slikt sjølve. Dersom elevar ytrar ønskje om skiljeveggar så bør skulen høyre på det, seier Rahman Chaudhry i Elevorganisasjonen.