Hopp til innhold

No vil dei automatisere snøproduksjonen

HARPEFOSSEN (NRK): Som eitt av dei første skianlegga på Vestlandet jobbar Harpefossen skisenter i Eid med å automatisere snøproduksjonen.

Stein Bjørhovde

SNØKANONAR: Dagleg leiar Stein Bjørhovde ved Harpefossen skisenter håpar dei om ikkje altfor lenge kan automatisere snøproduksjonen. Biletet er frå ein travel arbeidsdag i bakken.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Tysdag lavar det ned i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Både naturleg snø og snø frå kanonane.

Dagleg leiar Stein Bjørhovde håpar dei snart kjem i hamn med ein delvis automatisert produksjon av kunstsnøen.

– Det er fleire anlegg på Austlandet som har hatt dette nokre år, men blant anlegga på Vestlandet er det ikkje så mange som er borti dette, seier Bjørhovde.

– Heilt avhengige

Allereie i 1997 vart det lagt til rette for snøproduksjon på Harpefossen. Pumpehuset ved elva leverte i starten vatn til seks kanoner som kunne flyttast rundt i anlegget.

– Vi var eit slags forsøksanlegg på Vestlandet, for ein visste ikkje då om det funka, seier Bjørhovde om den tidlege starten for snøproduksjon.

Men at det funkar kan skisenter landet over for lengst skrive under på.

Vi er heilt avhengige av snøproduksjon for å ha kunne ha eit stabilt anlegg, seier Bjørhovde.

Stian Remme og Tore Kroken Karlsen produserer snø døgnet rundt på Harpefossen skisenter i Eid.

SNØPRODUKSJON: Sidan oppstarten i 1997 har dei drive med snøproduksjon ved Harpefossen skisenter. Tore Kroken Karlsen og Stian Remme er blant arbeidskarane som held produksjonen i gang.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Skal starte opp av seg sjølv

Slik det er i dag har skisenteret alltid folk på plass for manuelt å opne og stengje vasskranene til snøkanonane når vêret legg til rette for det. Natt til tysdag har Tore Kroken Karlsen hatt styringa.

– Kunstsnøen er meir stabil, og ligg lenger enn vanleg natursnø, fortel han.

På sikt håpar Bjørhovde at arbeidsgjengen skal få sleppe å jobbe med snøproduksjon om natta. I fleire år har dei jobba mot å delvis automatisere anlegget.

– Målet er at anlegget sjølv skal finne ut når det er kaldt nok til å starte opp produksjonen og at det sjølv stenger ned om det blir for mildt, seier Bjørhovde.

Nærmar seg ei løysing

Han seier dette spesielt vil vere gunstig i periodar då vêret ikkje er stabilt kaldt over lengre periodar, men likevel kaldt nok innimellom til at det kan produserast snø.

– Då får ein ikkje produsert så mykje snø heile tida, men det kan bli lange periodar, og då kan vi få mykje snø om vi greier utnytte alle timane. Men det har vist seg vanskeleg når alt skal vere manuelt, difor ønskjer vi at det skal gå av seg sjølv, seier han.

Programvare og styringssystemet er på plass, og er ifølgje Bjørhovde ikkje det som kostar mest. Det er det fjernstyrte ventilpakkar til dei 32 snøkanonane som gjer.

Ei stund til må dei klare seg utan. Tysdag har Stian Remme polstra seg med varme klede, klar til å halde produksjonen oppe.

– Vi håpar å opne nedste delen av anlegget laurdag, er beskjeden.