Hopp til innhold

Berre 13 ville ha klatrepark i november. No vil «alle» ha - og alle skal få

Ein flunkande ny klatrepark er det få kommunar som seier nei til. I alle fall når den er nesten gratis.

Klatrepark

ATTRAKTIVT: Klatreparkar som dette er det få som seier nei til. I alle fall når dei er nesten gratis.

Foto: Hallgrim Rogn / DNT

Etter at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sa at dei ville betale for halvparten av kostnadane, og at resten blir dekka av spelemidlar, har 22 av 26 kommunar i fylket sagt at dei vil ha klatrepark.

Ein klatrepark kostar kring 500.000 kroner.

– Pågangen har vore heilt enorm og over all forventing. Dei fleste har sagt at dei vil ha både to, tre og fire klatreparkar, så dette tek vi som ein kjempestor siger, seier Pål Fidjestøl, direktør i stiftinga.

Aktive born

Pål Fidjestøl

NØGD: Klatreparken i Førde vart den første etablerte i fylket. I løpet av 2015 vil det vere 13 nye i Sogn og Fjordane, seier Pål Fidjestøl hos Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Klatreparken Fidjestøl snakkar om består av 25 ulike element der born og unge kan drive ei lang rekkje aktivitetar. Ein skal berre nokre månader attende for å finne ein heller laber respons på tiltaket.

I november hadde nemleg berre 13 søkt om lågterskeltilbodet som Fidjestøl meiner gir ungane meistringskjensle og allsidig motorisk stimulering.

– Du får aktive born som fyk opp og ned og rundt og kring på eige initiativ. Dette er ein veldig enkelt og verknadsfull måte å gjere det på. I denne finansieringsmodellen så er det så å seie gratis for kommunane, så då er det ikkje så rart å seie at dette vil vi vere med på, seier Fidjestøl.

13 nye til neste år

Jølster og Førde har allereie fått, og i år står Balestrand, Vågsøy, Stryn, Florø, Hyllestad og Eid for tur. I tillegg vil ytterlegare sju klatreparkar bli kjende om kort tid.

Slikt likar ei sparebankstifting som vil bruke 6,5 millionar kroner meir fysisk aktive born. I løpet av dei neste to åra vil 13 kommunar få klatrepark.

– Eg vil seie det er fantastisk, seier Gjermund Flage, oppvekstsjef i Hyllestad.

– Alle skal få

Flage fortel at ein i Hyllestad har lenge tenkt på å få bygd ein aktivitetspark for born. Då tilbodet om noko som var fullfinansiert kom, slo dei til med ein gong.

– Det opna moglegheitene for oss å få bygd ein slik park, seier han.

Sjølv om ikkje alle får klatrepark med ein gong, lovar Fidjestøl i Sparebankstiftinga at alle som spør, skal få pengar til boltreplassen.

– Det er nokre formelle kriterium som skal oppfyllast. Men for å ta den korte varianten: Ja, alle som vil skal få.