NRK Meny
Normal

I år lagar han fleire musikkvideoar enn nokon gong

Suksessen til Sunnfjord-bandet Drusar dryp også på filmskaparen Daniel Volle. 2015 blir musikkvideoens år for 25-åringen frå Sogndal.

Frå innspeling med Månevenn.

ETTERTRAKTA: Daniel Volle har etter Drusar-videoane fått fleire telefonar frå komande stjerner som ynskjer at han skal lage musikkvideo for dei. Biletet er frå innspelinga av ein video for Månevenn. Videoen kjem i slutten av februar.

Foto: Hugo Mølmesdal

Daniel Volle har produsert Drusar sine siste musikkvideoar, og «komande stjerner» likar det dei ser.

– Det har teke seg opp i det siste, ja. Middels heftig, humrar 25-åringen.

Musikkvideoens år

Sogndølen flytta for eitt års tid sidan til Bergen, og meiner å ha kome godt inn i det som er av filmmiljø i byen mellom dei sju fjell. Det som starta med kortfilmproduksjon i Sogndal, har siste tida gått i retning av musikkvideoar.

I tillegg til Drusar har Volle laga musikkvideo for Tonereise og Silje Søgnesand. No er han i gang med ein video for Månevenn.

– Eg trur nok 2015 blir det året der eg gjer meir musikkvideoar enn eg nokon gong har gjort til saman. Sjølv om det no ligg meir i lufta enn det er spikra, så er jo det hyggeleg, seier han.

Rett på ny innspeling

For det var kortfilmane som gjorde Volle bemerkt i sine tidlege filmskaparår. Namnet hans gjekk att då lokale filmprisar vart delte ut.

Interessa byrja vekse med Drusar sin «Svarte Natta» som vart spelt inn på Harastølen . Og ikkje minst etter Sunnfjord-rockarane si framferd i NRK-satsinga The Hit , og musikkvideoen til «Damer og solnedgangar» .

– Same dag som musikkvideoen til Drusar kom ut, så starta eg opptaka til neste musikkvideo, seier Volle.

– Kva artistar er det som tek kontakt?

– Det er litt «up and coming». Slik som Drusar etter «The Hit». Dei har jo kome seg opp eitt par hakk.

Ein til to månader

I tillegg til å skape film, lagar Volle sjølv musikk. Han er også i ferd med å avslutte ein kortfilm, og jobbar med manus til ein langfilm han håpar å få på kinolerretet med tid og stunder.

Volle er glad i det eksperimentelle og gjennomførte strukturar som engasjerer.

– Når eg set mitt preg på videoar, så håpar eg det inspirerer folk til å velje meg fordi eg gjer ting på ein spesiell måte, seier 25-åringen.

– Kor lang tid brukar du på ein musikkvideo?

– Frå ein startar prosessen, med å snakke idear og konsept, til videoen er ute, så går det ein til to månader.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.